Vi formidlar fagkunnskap til beste for eit landbruk i utvikling. Vi er uavhengige og framtidsretta og byggjer rådgjevinga vår på høg fagleg kompetanse og lokal kunnskap. Organisasjonen er bondeeigd og bondestyrt med årsmøtet som øvste organ. NLR Vest SA er del av NLR, som er ei landsdekkande rådgjevingsteneste.
Vi har eit breidt rådgjevingstilbod, for at du som bonde skal kunne ha nytte av tenestene våre, uansett kva kunnskapsnivå eller erfaring du har frå før. Som medlem kan du nytte ein del tenester som berre er for medlemar, og får i tillegg rabattar eller reduserte prisar på andre tenester.
Samdrifter
DA og samdrifter som søkjer produksjonstilskot felles vert behandla som einskildmedlemar i NLR Vest og betaler ein grunnkontingent, samt kontingent for arealet det vert søkt om produksjonstilskot for.
Andre medlemar i samdrifta kan teikne medlemskap ved å betale grunnkontingent. Dette gjev rett til å få medlemspris på tenester, som til dømes HMS.
Samdriftsmedlemar som har annan produksjon i tillegg til samdrifta betaler for individuelt medlemskap med grunnkontingent og arealkontingent for å få tenester til medlemspris.
Medlemar i samdrifter som ikkje søkjer produksjonstilskot felles, må teikne individuelt medlemskap.
Dersom du har spørsmål om medlemskap kan du sende ein epost til vest@nlr.no eller ringe 98245838.
Kva er fordelane?

Som medlem får du:

Helsa er det viktigaste du har!
