
Vi kjem ut på garden til deg og tek jordprøver som blir sendt til analysering. Når resultata ligg føre, kan vi i samråd med deg finne fram til fagleg gode løysningar på kalking og gjødsling, for å oppnå ønska kvalitet.
Prisar for medlem i NLR Vest:
- Oppmøte på garden: 300kr
- Uttak og innsending av jordprøver og bladprøver: 110 kr pr. prøve.
- Analysekostnad kjem i tillegg, vert fakturert av laboratoriet (gjeld og for dei som ikkje er medlem).
Er du ikkje medlem, betalar du gjeldande timepris for arbeidstida som går med til uttak og sending av jordprøvar, samt reisekostnadar, porto og evt. andre utlegg.
Jordprøvane vert teke av din lokale rådgjevar. Er du usikker på kva rådgjevar du skal kontakta, kontaktar du oss på 98245838 eller vest@nlr.no eller nyttar bestillingsskjema under.