
Korleis har du det, eigentleg?
Tryggleik, trivsel og arbeidsmiljø? Vernerundar, risikovurdering, beredskap og smittevern? HMS i KSL? Alt dette er i fokus gjennom HMS avtalen med NLR. Saman ser vi på tryggleik og trivsel for alle som arbeider og oppheld seg på garden.
HMS-avtalen inneber regelbundne besøk på garden og helsekontroll kvart 3.år. Ut over dette kan du kontakte bedriftshelseteneste eller HMS-rådgjevar for konsultasjon eller fagleg rettleiing, når du har behov for det. Du får og fagleg oppdatering gjennom eigne HMS-rådgjevingsmeldingar og fagmøte på nett.. Utover dette kan tenester kjøpast til eigen medlemspris. Det kan vere ekstra gardsbesøk, SHA-plan for byggeprosjekt, konkrete risikovurderingar eller utgreiingar ved tilrettelegging av arbeidsplass.
Våre samarbeidande bedriftshelsetenester tilbyr målretta helsekontroll og oppfølging av di arbeidshelse. Gjennom systematiske kontrollar kvart 3. får du eit godt bilete av eiga arbeidshelse, og kan gjere førebyggande tiltak for å behalde helsa.
HMS-avtalen kostar kr 2200,- pr år for garden med ein person, halv pris for neste innmelde i avtalen.