Landbruket har forplikta seg til å kutte klimautslepp – ikkje kutte matproduksjon. Sjølvforsyningsgraden i Noreg er låg, vi har difor ikkje råd til kutte nokon form for matproduksjon, spesielt ikkje produksjon basert på norske ressursar.

Sauenæringa kjem i ei særstilling her, sidan vi produserer mat på fjellressursar som kan nyttast til lite anna. Set vi fokus på klimagassutslepp resten av året, vil ikkje dette berre verke positivt for klima, men òg for lommeboka til bonden.

NLR Vest inviterer til rådgiving og erfaringsutveksling i sauehald.

No kan du bli med andre saueprodusentar og drøfte ulike tema som avl, fôring, helse/dyrevelferd og økonomi. Vi skal også ha markdag og fjøssamling med tema lammingsførebuing. Det vert sett av god tid til erfaringsutveksling mellom deltakarane, og vi som rådgjevarar vil bidra fagleg. Grupperådgjeving er gratis, men alle deltakarar må betale analysekostnaden for ei surfôrprøve.

I erfaringsgruppa blir du utfordra til å dele erfaringar og nøkkeltal frå produksjonen din, med formål om å avdekke utfordringar og smarte løysingar i di drift. Ved å dele, skal vi saman bli betre! Bli med på eit sosialt og triveleg program gjennom vinteren med fokus på betre drift i sauehaldet.

Ta med deg naboen og bli med! Berre sauebønder i området til NLR Vest kan melde seg på. Dette gjeld Vestland fylke og deler av Sunnmøre (Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Herøy, Hareid, Ulstein, Giske, Sula, Ålesund og Haram).

Prosjektet er i samarbeid med NSG og Vestland Bondelag og vert støtta av berekraftsfondet til Norges Bondelag og Gjensidige.

Har du spørsmål ta kontakt med:

Meld deg på grupperådgjeving her

Program for gruppesamlinger

I prosjektet er det lagt opp til to uavhengige program. Det eine programmet går på Teams og er ope for alle. Det andre er berre for gruppedeltakarane og består av 5 fysiske møte i gruppa. Her finn du programmet for gruppemøta.

Teams-møte utover hausten/vinteren:

Teams-møta er gratis og opne for alle

  • 28. september kl. 19:30- ca. 21:00: Haustfôring av sau og lam
  • 25. oktober kl 19.30- ca. 21.00: Helse og dyrevelferd
  • Veke 48: Avl
  • Veke 2, 2022: Midtvintersfôring
  • Veke 14, 2022: Førebuing til beite/slått
  • Veke 39, 2022: Klimakalkulatoren sau

Bli med på Teamsmøte her

20201015 143342