- Autorisasjon for kjøp og bruk av plantevernmiddel
- Autorisasjonskurs i tiltak mot smågnagarar
- HMS i landbruket
- Trygt landbruk
- Sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid
- Inn på tunet-kurs
- Fyrstehjelpskurs - tilpassa landbruket
- Steinsprekkingskurs
- Maskinførarkurs
- Kurs i strategisk nærings-og produksjonsutvikling (SNOP)
- Bruk av overskotsmassar til jordbruksføremål
- Bonden som byggherre
- Digitale kurs
Skal du starte med noko nytt, utvide eksisterande produksjon, eller berre treng hjelp til å auke lønsemda i det du driv med på garden? Vi hjelper deg gjennom utviklingsprosessen!
Med ein blanding av videoføredrag, nettbaserte kurs med lærar og personleg oppfølging, hjelper vi deg å lage ein komplett forretningsplan. Lurer på på kva ein forretningsplan skal innehalde, kan du lære meir om det i videoen under.
Komande kurs
Anten du skal overta gard, ynskjer å utvide eksisterande drift, starte ny næring innanfor tradisjonelt landbruk eller ei attåtnæring på garden, eller berre ønskjer å betre lønsemda i drifta, hjelper vi deg med å utvikle ein komplett forretningsplan.
Forretningsplanen er eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisere dei. Det er og eit styringsdokument som hjelper deg å halde stø kurs mot målet.
Ein forretningsplan styrkjer dine moglegheiter når du skal:
- Søkje byggjeløyve
- Få lån til investeringar
- Søkje tilskot
- Oppnå suksess
I 2020 vart kurset 100 % digitalt, med videoførelesing og webinar (nettbaserte samlingar)
Innhald i kurset:
Del 1: Ressursanalyse (video)
Del 2: Visjon og forretningside (video)
Del 3: Forretningsmodell (webinar/Teams)
- Business model canvas
- Vegen frå nosituasjon til ønskt situasjon
Del 4: Målsetjing (video)
Del 5: Handlingsplanar (video)
Del 6: Økonomi og budsjett (Webinar/Teams)
- Grunnleggjande føretaksøkonomi
- Praktisk budsjettarbeid
Oppfølging, driftsplan og personleg oppfølging i samband med forretningsplan og søknader er ikkje inkludert i kurset, men vert tilbydd til timepris.
