Generelt om vedlikehald.

Vi får eit våtare klima med meir intensivt regn der vi får store nedbørmengder på kort tid. Det betyr at drenssystema må ta unna vatnet raskare enn før. Avløpsrør, kanalar og avskjærings-grøfter må dimensjonerast opp i forhold til tidlegare standard. Det som gjer dette vanskeleg er at nedbøren kan variere veldig, slik at spørsmålet blir om kva dimensjon ein skal legge seg på. Det er neppe aktuelt å dimensjonere for ekstrem nedbør, for da blir ofte kostnadane alt for høge, jmf. prisar på svært grove rør og overdimensjonert kanalar.

Viktigaste strakstiltaka for å møte denne situasjonen er å gjere naudsynt vedlikehalds-arbeid på eksisterande drenssystem. Det bør starte med å reinske opp kanalar for vegetasjon og sedimentert materiale tilført med drensvatnet samt å grave opp masse som har rasa ned frå kanalsidene som demmer opp for vatnet. Særleg der kanalane går i flatt landskap med liten fart på vatnet, er dette særleg viktig. Det må vere slett botn og kanalsider slik at ikkje vatnet blir bremsa opp. Ved store nedbørmengder og rask nedsmelting av snø, må vatnet renne bort fort.

Vidare er det viktig å følgje med om sjølve drensrøret fungerer. Det er enkelt å sjå der dreneringa munner ut i open kanal eller samlekum. Når det blir funne mye sedimentert finstoff i drensrøret er det på tide å sett i gang med spyling.

Gamle drenssystem ein veit ikkje fungerer lengre må fornyast der spyling ikkje er mogleg pga. sund kjøring og klemskadar. Spesielt er det på myr der setningar og myrsvinn har gjort at dreneringa nå ligg med motfall eller svært grunt.

Noen enkle praktiske moment å ta med ved omgrøfting.

Ved omgrøfting kjem ein som regel ut for at ein kapper gamle grøfter som fører mye vatn. Viss ein kryssar gamle grøfter lagt med plast er det vanlegvis enkelt å kople med det nye røret ved hjelp av greinkopling. Verre er det ved kryssing av steinsatte grøfter eller verst steinfyllingsgrøfter. Da må ein legge ei pute med pukk langs det nye røret utanfor filtermaterialet. Puta med pukk gjer at det blir eit stor volum til å samle vatnet over ein lengre strekning og da vil inntaksarealet for vatnet gjennom slissene i røret bli stort nok. Utan slik overgang mellom gamalt og nytt rør, vil det bli oppslag av drensvatn og det blir blauthol.

På morenejord i vårt område vil grøfteavstand på 8-10 m greie seg godt også med meire nedbør, fordi det ved ekstreme nedbørmengder vil ikkje jorda rekke å ta i mot vatnet og det må renne av på overflata.

På elveslettene er jordarten oftast silt på de lågaste partia. Dette er jord med tett struktur som slepper vatnet seint i gjennom. Her vil passe grøfteavstand ver 6-7 m. Ofte vil ikkje grøfting i seg sjølv vere godt nok og da er profilering og kanalisering vere aktuelt for å lede vatnet vekk på overflata.

Økonomi ved grøfting.

Når det er behov for grøfting, vil tiltaket føre til større avling når de andre agronomiske faktorane er på plass. Dette gjeld særleg kalking og elles tilrettelegging for god plantevekst med rett jordarbeiding og plantevalg.

Mange kommunar gir tilskot til grøfting. I kommunar der det er allmenningar er det ofte rabattar på dreneringsmateriel.

Etter søknad via landbrukskontor ned godkjenning av ddreneringsplan, gir staten støtte til drenering av tidlegare grøfta jord.

For tida er satsen 61 kr pr. løpemeter grøft eller 4000 kr. pr da