Det er enklare å få til ei god gjæring på eit tørrare fôr, og prøvene syner at innhaldet av mjølkesyre og eddiksyre er lågare i år enn sist år. Variasjonen er òg mindre; dvs at fleire av gardsbruka som tek prøve ligg nær gjennomsnittet enn tidlegare år. Restriktivt gjæra surfôr betyr at smakelegheita er god og at det er meir sukker att. Statistikken syner òg at det er dobbelt så mykje sukker i prøvene i år kontra 2019.

Voss og stader med prover
Bildet viser gardane kring Vossevangen 16. juni 2020. Mykje av arealet er slått. Det innfelte kartet syner fem store landbrukskommunar der vi har brukt resultat frå fôrprøver i figurane i artikkelen. Foto: Svein Ulvund, www.vossnow.net

Vekstsesongen 2020 har for dei fleste vore god. Mengda grovfôr er bra på mange gardar på Vestlandet. Årsaka er at vi fekk ein kald periode i mai der veksten stagnerte, men som gjorde at vi fekk utvikla mange buskingskot. Dette gir ei tjukkare eng. I seinare område kom denne kuldeperioden for tidleg slik at desse områda fekk ein sein vår og lågare avlingar på 1. slått. Dersom det er høge temperaturar frå vekststart og fram mot slått, vert det rask utvikling i graset og vi får ei tynnare eng. Vestlandet er mangfaldig; vi har og område som fekk reduserte avlingar på grunn av tørke på 1. slåtten, og vi observerte også skade av stankelbeinlarvar.

Grovfôrprøvene kan nyttast som grunnlag for fôrplanar og for å justere og optimere neste års gjødsling. Ta gjerne ei mineralprøve (kryss av for dette i tillegg til næring) for å kunne vurdere fosfor- og kaliumgjødslinga.

Ta fôrprøver for å få mest mogleg att for pengane som allereie er lagt i fôrdyrking og -hausting. Det kan vere litt risikabelt å sende prøver under postgangen kring juletider, så fyrstkomande måndag/tysdag er nok siste frist i år, men ta gjerne kontakt for å avtale prøver rett over nyåret!

Toerrstoff
Figur 1. Søylene syner innhaldet av tørrstoff i årets surfôrprøver i Vestland fylke og nokre utvalde kommunar/herad. Dei blå pilene syner variasjonen i prøvene; dvs lang pil betyr at det er større variasjon i dei analyserte verdiane i prøvene frå bønder. Tørrstoffet er høgare i år enn i 2019 (sjå også raud stipla linje som syner snittet dette året). Variasjonen er større enn i fjor; dvs. det er mange prøver som avvik mykje frå gjennomsnittet.
Energi omd
Figur 2. Energikonsentrasjonen i fôret er her vist gjennom verdien fordøyeleg organisk stoff (OMD). Variasjonen i resultata er litt mindre i år enn i fjor. Har du nok fôr kan du forvente auka grovfôropptak – om kvaliteten hjå deg er god! Det er mindre sprik i variasjonen i år på denne verdien.
Fiber
Figur 3. Innhaldet av fiber er om lag som i fjor, men statistikken syner at det er lågare andel av ufordøyeleg fiber i 2020. (Men variasjonen av iNDF i fôret er større om vi samanliknar med fjoråret).
Raaprotein
Figur 4. Råprotein i fôret vil avta med utsett slått. Når gjennomsnittsfôret i år har høgare råproteininnhald følgjer dette såleis teorien. Variasjonen er om lag som i fjor, og kvart år ser vi ein del prøver der proteininnhaldet er for lågt eller for høgt. Då kan det vere grunnlag for justering av nitrogengjødslinga.
Protein 2010 2020
Figur 5. Figuren syner over 1600 surfôrprøver som er registrert i NLR Surfôrtolken dei siste 10 åra – sortert etter aukande energiinnhald. Raud strek syner energiinnhaldet på prøvene; fôrprøver med lågt innhald av energi er til venstre i diagrammet og prøvene med høgt innhald av energi er til høgre. Vi godtek høgare innhald av protein i prøver som er hausta tidleg/har høgt energiinnhald; dvs at vi må sjå både på både energiinnhaldet og proteininnhaldet når vi skal evaluere gjødslingsstyrken.

Kva med 2. slåtten?

Om ein vil samanlikne 2. slåtten i år med fjorårets, så vert oppsummeringa om lag slik:

  • Tørrstoff: Om lag likt; ca. 28 % tørrstoff
  • Energikonsentrasjon (OMD): Viser om lag det same som 1. slåtten; høgare energikonsentrasjon i år!
  • Fiber (NDF): Litt høgare fiberinnhald i år, men litt mindre med ufordøyeleg fiber (iNDF)
  • Protein: Litt høgare i år, men litt mindre variasjon på denne slåtten
  • Gjæring: Litt kraftigare gjæring på 2. slåtten samanlikna med fjorårets 2. slått. Innhaldet av sukker er høgare også på 2. slåtten (om lag det doble her òg), sjølv om gjæringa er kraftigare. Det kan skuldast nokså låge temperaturar samtidig som det er gode tilhøve for fotosyntese.

NB! Prøvene både på 1. og 2. slått er samanlikna med fjorårets prøver frå Hordaland fylke.