
Søkjer du om produksjonstilskot må du føre journal når du sprøyter. Korleis denne skal sjå ut er det ingen fasit på, men det finst krav for kva som skal dokumenterast.
Ifølgje plantevernmiddelforskrifta er det tre krav til journalføring som til saman er plantevernjournalen:

Plantevernjournal som høver for deg
Utfylling på PC og/eller mobil:
(sprøytejournal+ integrert plantevern+ vassjournal)
- Klikk HER og få tilsendt registreringane til e-posten din.
- Klikk HER og last ned word-versjonen.
- Excelversjonen til NLR finn du HER. Denne høver godt til deg som sprøyter fleire gongar per sesong. NB! Fleire arkfaner.
- Skifteplan mobil (krev abonnement)
- Agrilogg (krev abonnement)
Eg skriv helst med kulepenn og blyant:
(sprøytejournal+ integrert plantevern+ vassjournal)
Eg driv med frukt eller bær:
- Dei fleste fruktlagera nyttar programmet fruktklienten, eit dokumentasjonsverktøy, der plantevernjournal er innlemma.
Fruktlagera har som regel si utgåve av programmet tilgjengeleg for nedlasting for sine medlemar. Ullensvang Fjordfrukt, Hardanger fjordfrukt, Nå Fruktlager, Ryfylkefrukt, Sognefrukt, Lærdal Grønt, Innvik Fruktlager
- Det er laga ei eiga utgåve av programmet tilpassa bærdyrkarar som driv direktesal som heiter Bærklienten.
Verknadstabell:
Klikk her: Verknadstabell for ugrasmiddel i eng og beite
Klikk her: Verknadstabell for ugrasmiddel i attlegg
Funksjonstesting av åkersprøyte i heile regionen og tåkesprøyter i Nordfjord.