Skjøtselsplan

22.02.2019 (Oppdatert: 13.09.2019)

Vi har to tilsette som arbeider med skjøtselsplanar for slåttemark, naturbeitemark og kystlynghei. Ein tilsett har i mindre grad arbeidd med skjøtselsplanar. Oppdragsgjevar for dette arbeidet er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.

Utgangspunktet for arbeidet er dei lokalitetane som skjøtselsgruppa hos Fylkesmannen, brukarane sjølve eller andre har meldt frå om som er verdfulle og artsrike.

 

Dei fleste lokalitetane er omtala i naturbasen, der det også ligg kart. Opplysningane i naturbasen er ofte gamle og avgrensingane er unøyaktige. Derfor må lokalitetane gåast gjennom ute i felt. Det blir både botanisering og verdivurdering. Det er viktig å snakka med brukaren/skjøttaren. I dialog med han blir det laga ein skjøtselsplan for lokaliteten.

 

Det blir laga skjøtselsplanar for lokalitetar spreidd over heile området til NLR Vest. Alle som har slike areal kan sjølve søkja på handlingsplanmidlane. Søknadsfristen er 15. januar, og ein må søkja elektronisk. Rapportering skal også skje elektronisk innan 1. oktober. NLR Vest kan hjelpa med å søkja og rapportera. Dei som har skjøtselsplan blir prioriterte ved tildeling av midlar. Ta kontakt med Gunnlaug Røthe (Hordaland og Sogn og Fjordane) eller Olav Martin Synnes (Sunnmøre) dersom de vil diskutera med oss eller ha hjelp til søknaden eller rapporten.

 

Dersom du til dømes har eit område med mange ulike plantar der det har vore slått, eller blir slått, og det ikkje er registrert tidlegare, kan du melda frå til oss. Vi vil formidla det vidare.

 

Det er eit viktig og interessant arbeid å ta vare på desse artsrike og flotte områda !

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.