Fagmøter/arrangement

15.11.2013 (Oppdatert: 15.12.2016) ,  Edvin-A Hugvik

 

Kveldsmøte Kandal 17. oktober 2013

Første pilotfjøsen er klar allereie. Siv Marit og Jostein Fuglestrand i Kandal har nett flytta vel 50 lam inn i ein ombygd geitefjøs. 2 storbingar på 60m2, 2 kraftfôrautomatar og rullande fôrbrett er stikkord for denne fjøsen. Breim Sau og Geit og Gloppen Sau og Geit arrangert fjøsmøte i denne fjøsen med stort oppmøte.

 

 

 

 Les meir om dette her: Triveleg fjøsmøte i Kandal

 

 

Fagdag Eid 22. mars 2014

 

Fagdag Hjelle på Eid 22. mars 2014. Uvanleg mykje folk frå heile fylket kom til fagdagen som Eid Sau og Geit og Eid Bondelag arrangerte laurdag 22. mars. Hilde Isane Hjelle og Knut Tore Nes Hjelle var hovudvertskap og opna opp den splitter nye storbingefjøsen  sin for alle skuelystne. I tillegg fekk vi sjå fjøsen til Anne Moen (småbingefjøs med grovfôrtildeling med band i taket) og Arve Dahl (tallefjøs med sjølvkonstruert fôrhekk). Stor takk til arrangør og vertskap for ein svært vellukka fagdag.