Driftsplan

05.11.2013 (Oppdatert: 15.12.2016) ,  Edvin-A Hugvik

 

Driftsplanen er eit godt reiskap for å sjå korleis økonomien på bruket vil utvikle seg dei næraste åra. Vanlegvis vert det laga driftsplan i samband med ei investering på garden (ombygg, nybygg), men ein driftsplan vil vere eit nyttig totalbudsjett å styre gardsdrifta etter også utanom periodar med større investeringar. Driftsplanen bør difor lagast så reell som mogeleg, slik at den kan brukast slik den er tenkt.

 Ved større investeringar der ein vil søkje Innovasjon Norge om støtte er det eit krav om å legge ved ein 5-årig driftsplan. Alle budsjetterte inntekter og utgifter på bruket etter investeringa skal vere med i driftsplanen. Også familien sine inntekter utanom bruket skal vere med i driftsplanen.

Hovudelement i ein driftsplan:

  1. Oversikt over produksjon og resursstilgang (areal)
  2. Dekningsbidragskalkyler for dei ulike produksjonane
  3. Samla økonomisk oversikt for jordbruket (dekningsbidrag, andre inntekter, faste kostnader, avskrivingar og driftsoverskot).
  4. Investerings- og finansieringsplan
  5. Låneoversikt nye og eldre lån
  6. Likviditets- og  soliditetsoversikt for heile bruket

For at planen skal bli så realistisk som råd er bør ein ta utgangspunkt i rekneskapen dei siste åra:

  • Bruk historiske dekningsbidragstal
  • Gjeld ved planstart
  • Reellt privatforbruk (er ofte høgare enn ein vil tru)
  • Ved stor utviding/oppstar av produksjon må ein legge inn kostnader til kjøp av dyr
  • Andre investeringar må også inn i planen (t.d. traktor, slåmaskin, drenering m.m.)

Ein god driftsplan bør vere eit godt hjelpemiddel til å gjere dei rette vala.

Vi i NLR brukar vårt eige driftsplanleggingsprogram, "NLR Plan A", til arbeidet med driftsplanar.

Ein driftsplan vil normalt koste 6000-12000 kr. Omfattande drift med fleire produksjonar vil ofte bli dyrare enn for mindre driftsomfang.