Fagturar

18.10.2013 (Oppdatert: 15.12.2016) ,  Edvin-A Hugvik

 

I prosjektperioden kjem vi til å arrangere fagturar for å sjå på ulike fjøsar. Etter kvart som pilotfjøsane vert klare, er det naturleg å nytte dei, men også andre interessante fjøsar vil vi besøkje. Slike arrangement vil alltid vere i samarbeid med lokallag i Sau og Geit.

Den første fagturen arrangerte vi 9. april 2013. Målet var å få sjå ein heilt ny storbingefjøs med fôrhekk og kraftfôrautomat. Då måtte vi legge turen til Uskedalen i Sunnhordland (Kvinnherad kommune). Olav Hjetland Bringedal er ein ungdom som har satsa friskt på nybygg, som var innflyttingsklart i nov. 2012.

 

Her ser vi fôrhekken midt i fjøsen. Dyra var svært rolege og inneklimaet med naturleg ventilasjon (uisolert fjøs) var upåklageleg. Vi kjem med meir info om fjøsen her om kort tid.