Pilotfjøs 2: Storbingefjøs Eid

14.02.2014 (Oppdatert: 15.12.2016) ,  Arve Arstein

I februar 2014 flytta Hilde Isane Hjelle og Knut Tore Nes Hjelle inn i nytt sauefjøs som er bygt oppå eit gjødsellager i tilknyting til den gamle kyrafjøsen på garden. Brutto areal for sauefjøsen er på knappe 100 m2, men i tillegg hat dei mykje areal i kyrafjøsen som dei kan nytte til lamminga. Dei har valt appetittfôring av grovfôr frå fôrhekk fylt med heile rundballar og kraftfôrtildelinga skjer med ein automat. Bygget er eit kaldtfjøs og det er bygt ein ny fôrsentral i tilknyting til husdyrrommet.

Kik på fjøsen i dette innslaget på NRK: Moderne sauefjøs