Sau i pluss

06.03.2014 (Oppdatert: 15.12.2016)

 "Sau i Pluss" er eit 3-årig prosjekt (2013-2015) i regi av Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane med mål om å stogge nedgangen i sauetalet i fylket. Med fokus på bygg og økonomi vil vi tilby hjelp til bruk som vurderer å starte opp eller gjere endringar i drifta på garden.

Stikkord er:

  • Moderne bygg og driftsopplegg som gjer fjøsarbeidet lettare, og det vert enklare å kombinere sauehald med anna arbeid.
    • Funksjonelle husdyrrom
    • Innandørsmekanisering
  • Vegvalsrådgjeving og driftsplanlegging. Vurdere ulike løysingar og driftsomfang opp mot økonomisk resultat før ein set i gang byggeprosessen. Driftsplanen er eit nyttig reiskap for å synleggjere dette, og både Innovasjon Norge og bankar brukar driftsplanen i si vurdering av prosjektet.

Det første besøket på garden, av prosjektleiar Arve Arstein, er gratis. Eit førstebesøk av bygningsplanleggar kostar 2130 kr (reise inkl). Vidare planlegging er på ordinære vilkår. Satsen for driftsplanlegging og teknisk planlegging er kr 730 per time.

 

Prosjektmedarbeidarar:

Arve Arstein, prosjektleiar. Tlf 994 70 161. Kontor ved Bioforsk Fureneset i Fjaler.

Vegvalsrådgjeving og driftsplanlegging

 

Edvin-Andre Hugvik, prosjektmedarbeidar. Tlf 412 95 868. Kontor ved Sandane Næringshage.

Bygg, I-Mek, teikningar og kostnadsberekning.