Økologisk drift

22.01.2018 (Oppdatert: 15.05.2020)

Økologisk drift

Vi tilbyr økologisk rådgjeving til medlemane våre innanfor frukt, bær, sau, kjøtfe og mjølkeproduksjon. Vi har og tilbod til alle jord- og hagebrukarar om NLR Økologisk Førsteråd, NLR Økologisk Økoplan, NLR Økologisk Rådgivingsavtale og NLR Økologisk Grupperåd.

 

NLR Økologisk Førsteråd: Er du interessert i økologisk landbruk, men veit ikkje om du har dei rette føresetnadene på garden for omlegging? Tilbodet inkluderer eit gardsbesøk med vurdering av moglegheita for omlegging til økologisk drift. Skriftleg tilbakemelding og tilbod om oppfølging. Tilbodet er gratis og uforpliktande og krev ikkje medlemskap i NLR Vest. Er du interessert, ta kontakt med ein av økorådgjevarane våre.

 

NLR Økologisk Økoplan: Ønskjer du hjelp ved innmelding i Debio si kontrollordning? Rådgjevaren bidreg til utarbeiding av økoplanen. Dette er ei skisse av korleis drifta skal vere etter omlegging til økologisk drift. Ved innmelding i Debio er det påkravd med økoplan.

 

NLR Økologisk Rådgivingsavtale er eit tilbod til dei brukarane som har lagt om. Inntil 10 timar rådgjeving innan: planteproduksjon, ugrasproblematikk, beitebruk, husdyrproduksjon, byggteknikk, driftsbygningar, forbetring av dagens produksjon og foredling planlegging av nye produksjonar, økonomi osb. Eigenbetaling kr 250,- pr time.

 

NLR Vest tilbyr Økologisk Grupperåd er eit tilbod til produsentar som ønskjer ei fagleg produsentsamling med erfaringsutveksling, rådgjeving og sosialt samvær omkring økologisk produksjon. Tema på ei slik samling kan vere planteproduksjon, produksjonsbygg, økonomi, husdyrproduksjon eller andre dagsaktuelle tema. Er dette av interesse, ta kontakt med ein av rådgjevarane våre.

 

 

NLR har og EIGA NETTSIDE for økologisk landbruk

Debio  har meir informasjon om økologisk produksjon.

 

 

Økorådgjevarane våre:

Bestill abonnement på bladet Økologisk Landbruk HER



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.