Økologisk drift

22.01.2018 (Oppdatert: 01.08.2018)

Økologisk drift

Vi tilbyr økologisk rådgjeving til medlemane våre innanfor frukt, bær, sau, kjøtfe og mjølkeproduksjon. Vi har og tilbod til alle jord- og hagebrukarar om NLR Økologisk Førsteråd, NLR Økologisk Økoplan, NLR Økologisk Rådgivingsavtale og NLR Økologisk Grupperåd.

 

NLR Økologisk Førsteråd: Er du interessert i økologisk landbruk, men veit ikkje om du har dei rette føresetnadene på garden for omlegging? NLR Vest tilbyr gratis Økologisk Førsteråd. Tilbodet inkluderer eit gardsbesøk med vurdering av moglegheita for omlegging til økologisk drift. Skriftleg tilbakemelding og tilbod om oppfølging. Tilbodet er gratis og uforpliktande. Er du interessert, ta kontakt med ein av økorådgjeverane våre.

 

NLR Økologisk Økoplan er eit tilbod om utarbeiding av ein driftsplan for dei som har bestemt seg for å legge om til økologisk drift.

 

NLR Økologisk Rådgivingsavtale er eit tilbod til dei brukarane som har lagt om, og omfattar 5-10 timar rådgjeving om t.d. omleggingsproblematikk, bygningsplanlegging, småskalaforedling osb. Eigenbetaling kr 150,- pr time.

 

NLR Vest tilbyr Økologisk grupperåd som eit tilbod til produsentar som ønskjer ei fagleg produsentsamling med erfaringsutveksling, rådgjeving og sosialt samvær omkring økologisk produksjon. Tema på ei slik samling kan vere planteproduksjon, produksjonsbygg, økonomi, husdyrproduksjon eller andre dagsaktuelle tema. Er dette av interesse, ta kontakt med ein av rådgjevarane våre.

 

 

NLR har og EIGA NETTSIDE for økologisk landbruk

Debio  har meir informasjon om økologisk produksjon.

 

 

Økorådgjevarane våre:

Bestill abonnement på bladet ØKO-logisk landbruk HER



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.