
Inkludert i medlemskontingenten ligg rådgjeving via telefon, rådgjevingsmeldingar, tilbod om våronnmøte og markdagar, samt moglegheit til å få gjødslingsplan og andre tenester til medlemspris. Rådgjeving heime på garden er betalingstenester som kjem i tillegg til medlemskontingenten. Ei av desse tenestene er rådgjevingspakken NLRpluss Grovfôr. Denne blei innført i 2019. Situasjonen er i dag slik at vi ikkje kan rekne med rådgjevingstilbod i grupper. Difor ynskjer vi i stor grad individuell rådgjeving gjennom NLRpluss Grovfôr. Sjå teksten vidare og meld deg på!
Målsetting for NLRpluss Grovfôr er gjennom individuell rådgiving å auke avling og kvalitet, og samtidig gje råd om prioritering av arbeidsoppgåver.
Innhaldet i NLRpluss Grovfôr skal tilpassast den enkelte deltakar. Aktuelle tema er:
Det skal lagast ein enkel avtale mellom gardbrukar og rådgjevar om kva som skal inngå i rådgivingspakken, samt kor lenge avtaleperioden skal vare.
Pris for NLRpluss Grovfôr: Kr 3700,- . Normalt tidsforbruk ca. 5 timar.
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Postboks 197, besøksadresse Krånavegen 5, 6822 Sandane
Telefon: 98245838
E-post: vest@nlr.no
Org.nummer: 917158134