Vi har rådgjevarar med spesialkunnskap om presisjonslandbruk og maskinteknikk. Desse kan hjelpe deg med mellom anna dette:
• Investeringsråd. Rettleiing til investeringar på garden, hjelpe til med å finne riktige maskiner i samband med enkeltinvesteringar eller større vurderingar av heile mekaniseringslinjer.
• Presisjonslandbruk. Er du nysgjerrig eller vurderer å investere i presisjonslandbruksutstyr? Vi kan hjelpe deg med å kome i gang eller utvide dersom du alt har noko utstyr. Vi kan hjelpe til både med kjøp og med å ta utstyret i bruk.
• Utnytt maskinene dine betre. Har du reiskap eller traktor du ynskjer å utnytte betre? Har du investert i nytt eller brukt utstyr? Vi kan hjelpe til med innstilling og igangsetjing. Døme kan vere vendeteigsautomatikk på traktor, finne riktige dekktrykk, GPS, innstilling av slåmaskiner eller river.
• Tilpassing av tåkesprøyte – bruk av UV-lys for å teste dekning av sprøytevæska, råd om val av køyrefart og dyser, opplæring av nye dyrkarar.
Medlemspris per rådgjevingstime. Forventa tid 1-3 timar.
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Postboks 197, besøksadresse Krånavegen 5, 6822 Sandane
Telefon: 98245838
E-post: vest@nlr.no
Org.nummer: 917158134