Jordprøver og gjødslingsplan

(Oppdatert: 13.06.2016)

 

 NLR Vest SA tek jordprøver og lagar gjødslingsplan. Vi kjem heim til deg og tek jordprøver som blir sendt til analysering. Når resultata ligg føre, finn vi i samråd med bonden fram til ei fagleg god og billeg gjødsling som gir ønska kvalitet.

Gjødselplanen blir sendt på e-post eller i posten. Planen stettar offentlege krav.

Tilbodet inkluderer:

 Representative jordprøver for garden.

 Gjødselplan sett opp ved hjelp av dataverktøyet Skifteplan.

 Kart over skifta, dei nyaste og beste vi klarer å skaffe.