HMS- Helse, miljø og sikkerheit

(Oppdatert: 07.12.2017)

Vi tilbyr besøk på garden, med kartlegging av arbeidsmiljø, og hjelp til å få HMS-arbeid og dokumentasjon i tråd med krav frå KSL og styresmakter. Vi er med på vernerunder, gjer risikovurderingar,  og kan gi støtte til gjennomgang av standard 2 i KSL, om HMS.  Vårt fokus er tryggleik for dei som arbeider eller oppheld seg på garden. Vi har og eit sterkt fokus på oppdaterte beredskapsplanar.

Våre samarbeidande bedriftshelsetenester tilbyr målretta helsekontrollar og oppfølging av di arbeidshelse. Gjennom systematiske kontrollar kvart 3. får du eit godt bilete av eiga arbeidshelse, og kan gjere tiltak før det er for seint.

Bedriftshelse 1 har kontor i Stryn, Sogndal, Voss og Norheimsund.

SOS international/Haugland HMS har kontor i Haugesund, men har avdelingskontorer blant annet på Stord

Stamina helse har kontor i Førde.

HMS-avtale:

For besøk på garden og helsekontroll kvart 3.år er det eigen, fast kontingent. For denne får ein og kvar månad epost med faglege oppdateringar, og kan kontaktet bedriftshelseteneste eller HMS-rådgjevar for avgrensa fagleg rettleiing. Utover dette kan ein kjøpe tenester til eigen medlemspris. Det kan vere ekstra gardsbesøk/HMS-gjennomgang, konkrete risikovurderingar, sikker jobb analyse, utgreiingar ved tilrettelegging av arbeidsplass. HMS-avtalen er ei årleg avtale med ein treårig syklus.

Prisen er kr 2200,- pr år

 

 

Ynskjer du eit HMS-besøk på garden, eller vil du vite meir om HMS-avtalen og andre tilbod frå oss, så ta kontakt med ein av HMS- rådgjevarane:

 

Sunnmøre: Trude Iren Saure, mob. 975 28 775, e-post: trude.iren.saure@nlr.no

 

Sogn og Fjordane: Kolbjørn Taklo, mob. 913 96 560, e-post: kolbjorn.taklo@nlr.no

 

Hordaland: Charlotte Joys, mob. 411 24 222, e-post: charlotte.joys@nlr.no

 

Du kan også lese meir om HMS-tenesta vår her: https://hms.nlr.no/

 

 

Kurstilbod

 

Vi tilbyr følgande kurs innan HMS:

 

Sjå KURSOVERSIKTA vår, for å sjå om vi har planlagte kurs. Treng du kurs, men finn det ikkje i kalenderen vår? Ta kontakt med ein av rådgjevarane våre. Vi arrangerer kurs når det er nok påmeldte.