Grovfôranalyser

25.10.2016 (Oppdatert: 15.02.2017)

NLR Vest SA tilbyr medlemane hjelp til uttak og innsending av grovfôrprøvar, og vi sender skriftleg tolking av analysane ved hjelp av programmet NLR Surfôrtolken.
  • Vurdering av slåttetidspunkt og nitrogengjødsling i høve til haustetid.
  • Gjæringskvalitet og innhald av organiske syrer.
  • Val av ensileringsmiddel og mengde. 

 

 NLR Surfôrtolken er et tilbakemeldingsskjema som viser resultata samanlikna med ønska verdiar. Du får faglege kommentarar og samla vurdering med råd for neste vekstsesong. Alt er lett leseleg og oversiktleg på eitt A4-ark. Norsk landbruksrådgiving Vest tar surfôrprøve hos deg, sender inn og gir tilbakemelding.

Pakken inneheld:

 Prøveuttak frå rundballar og inntil 6 meter ned i tårnsilo (spesialbor)

 Innsending av prøve

 Analysering av gjæringskvalitet, nærings- og mineralinnhald

Tine og FK kan få tilsendt resultata dersom dei skal lage fôrplan til deg. Tilbakemelding frå oss med råd for fôrdyrkingsopplegg neste år. Resultata kan hjelpe deg å finne vegen til meir og betre grovfôr, betre dyrkingsstrategi, kraftfôrvalg opp mot ditt grovfôr og betre økonomisk resultat.

Pris pr. prøve, ta kontakt.