Funksjonstest av åkersprøyte

13.09.2019 (Oppdatert: 05.03.2020)

Frå 1.1.2020 innførte Mattilsynet krav om obligatorisk funksjonstest av åkersprøyter i jordbruket kvart tredje år. Rådgjevarane i NLR Vest førebur seg på å ta unna for auka etterspurnad, og startar med funksjonstesting av åkersprøyter no når det vert mildare i veret. Har du ei sprøyte som treng funksjonstest før sommaren? Bestill funksjonstest med skjemaet som du finn under, eller ring 982 45 838.

 

Funksjonstestinga gjev deg:

  • opplæring i innstilling og bruk av eiga sprøyte
  • oversikt over feil og manglar ved sprøyta, og hjelp til å rette dei
  • ei sprøyte i god stand og som gjev eit jamt spreiebilete
  • betre kvalitet på sprøytinga, som gjev lågare plantevernkostnader
  • dokumentasjon som viser at sprøyta oppfyller gjeldande krav

 

Pris på funksjonstest av åkersprøyte:

kr 2450 for medlem

kr 4100 for andre

kr 300 i rabatt ved fleire på same stad



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.