Byggrådgjevarane tilbyr byggteknisk rådgjeving i landbruket. Me gjev bønder uavhengig rådgjeving og planlegg og prosjekterer både landbruksbygg og andre typar bygg. NLR er ikkje knytt opp mot sal av innandørs-mekanisering. Dei 2 rådgjevarane samarbeider i eit felles nettverk med om lag 20 bygningstekniske rådgjevarar tilsette i regionale rådgjevingseiningar i Norsk Landbruksrådgiving.
Tilbod:
Nye tilbod innan bygg/økonomi i 2017:
Tilpassing til nytt regelverk
SHA-PLAN!
Plan for «Sikkerhet-Helse og Arbeidsmiljø», SHA, skal vere på plass ved prosjektering og utføring av byggearbeid i landbruket.
Det er kanskje den viktigaste planen i heile byggeprosjektet! Det handlar om å hindre tap av liv og helse i byggeperioden. Byggherren har ansvar for SHA-planen.
Me kan hjelpe deg med SHA-planen. Hjå oss kan du kjøpe dokumentmal som du med rettleiing
arbeider vidare med sjølv. Du kan og leige oss som SHA-koordinator til heile arbeidet, både til å utarbeide planen, og til den
utførande delen i byggetida.
Kontakt ein av byggrådgjevarane våre:
Prisar finn du HER
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Postboks 197, besøksadresse Krånavegen 5, 6822 Sandane
Telefon: 98245838
E-post: vest@nlr.no
Org.nummer: 917158134