Bygningsplanlegging

(Oppdatert: 22.05.2017)

Byggrådgjevarane tilbyr byggteknisk rådgjeving i landbruket. Me gjev bønder uavhengig rådgjeving og planlegg og prosjekterer både landbruksbygg og andre typar bygg. NLR er ikkje knytt opp mot sal av innandørs-mekanisering. Dei 2 rådgjevarane samarbeider i eit felles nettverk med om lag 20 bygningstekniske rådgjevarar tilsette i regionale rådgjevingseiningar i Norsk Landbruksrådgiving.

Tilbod:

  • Fyrstebesøk bygg
  • Skisse/arbeidsteikningar
  • Kostnadsoverslag
  • Vurdering av prosjekt
  • Byggesøknad
  • Byggeleiing
  • Grunnlagsdokument for anbod
  • Prosjektering og tilbodsinnhenting

 

Nye tilbod innan bygg/økonomi i 2017:

  • Oppfølging av økologiske saueprodusentar med driftsbygningar med drenerande golv.

Tilpassing til nytt regelverk

  • Fagdagar og grupperådgjevingssamlingar for produsentar med ammeku
  • Startpakke for nye bønder, med individuell rådgjeving og fellessamlingar

 

SHA-PLAN!

Plan for «Sikkerhet-Helse og Arbeidsmiljø», SHA, skal vere på plass ved prosjektering og utføring av byggearbeid i landbruket.

Det er kanskje den viktigaste planen i heile byggeprosjektet! Det handlar om å hindre tap av liv og helse i byggeperioden. Byggherren har ansvar for SHA-planen.

 

Me kan hjelpe deg med SHA-planen. Hjå oss kan du kjøpe dokumentmal som du med rettleiing

arbeider vidare med sjølv. Du kan og leige oss som SHA-koordinator til heile arbeidet, både til å utarbeide planen, og til den

utførande delen i byggetida.

 

Les meir om SHA-plan her

 

 

 

Kontakt ein av byggrådgjevarane våre:

  • Edvin- A Hugvik, tlf. 41295868, e-post edvin.hugvik@nlr.no har kontor på Sandane, Sogn og Fjordane
  • Hans Emil Dale, tlf. 48946130, e-post hans.emil.dale@nlr.no har kontor i Leirvik, Sogn og Fjordane
  • Leif Trygve Berge, tlf. 98245839, e-post leif.trygve.berge@nlr.no har kontor på Ølve, Hordaland