Beitebruksplan og gjerdehald

(Oppdatert: 13.07.2017)

Beitebruksplanen skal presentere beiteareala og bruken av beitedyr. Den gir ei oversikt over historisk og framtidig bruk. Sentralt er plantesetnad, avlingsnivå og tiltak for å auke produksjonen på beite. Dette gir eit godt grunnlag for å søkje t.d. SMIL-midlar i tillegg til god forvaltning av beita.

Ein beitebruksplan kan bestå av 

  • Bruken av beitedyr – historisk og i framtida
  • Plantesetnad
  • Verdiskapning på beite. Avlingsnivå – produksjon av mjølk/kjøt på beite
  • Beitegrunnlag og beitekapasitet
  • Kulturlandskap og biologisk mangfald
  • Organisering beitelag
  • Evt. bruk av utmarksbeite
  • Utfordringar/tilretteleggingstiltak
  • Tiltak
  • Kart
    • Geografisk plassering
    • Vegetasjon/beitegrunnlag
    • Dyretettleik
    • Installasjonar i beita: Salteplassar, driftevegar osv.