Tenester

(Oppdatert: 23.06.2020)

Treng du meir og betre grovfôr?

Ynskjer du å betre økonomien i drifta?

Skal du byggje nytt, eller grøfte ?

Har du behov for hjelp til Miljøplan, SMIL– eller RMP-søknad?

Har du tankar om å starte ein ny produksjon, ei tilleggsnæring eller ny næring?

Ynskjer du ei lett tilgjengeleg kjelde til fagstoff og nyhende innan landbruk?

Alt dette og meir til får du som medlem hjå oss!

Er du ikkje medlem? Meld deg inn her!

 

Vi formidlar fagkunnskap til beste for eit landbruk i utvikling. Vi er uavhengige og framtidsretta og byggjer rådgivinga vår på høg fagleg kompetanse og lokal kunnskap. Organisasjonen er bondeeigd og bondestyrt med årsmøtet som øvste organ. NLR Vest SA er del av NLR nasjonalt, som er ei landsdekkande rådgjevarteneste.

 

Våre 35 rådgjevarar har som oppgåve å hjelpa deg, både med faglege spørsmål og med å stetta offentlege krav.

Vi har rådgjevarar med spisskompetanse på dyrking av gras, frukt, bær, potet og grønsaker,

i tillegg fleire spesialrådgjevarar innan fagområda byggteknikk, økonomi, helse, miljø og sikkerheit.

 

 

 

NLR har som mål å bidra til at grovfôrproduksjonen er både lønsam og berekraftig. Heldigvis treng det ikkje vere nokon motsetnad i dette, snarare tvert imot. Som det leiande rådgivingsmiljøet på grovfôr i Noreg kan vi hjelpe bonden til å betre produksjonen utifrå dei unike vilkåra på kvar einskild gard. Saman arbeider vi for større avlingar og rett fôrkvalitet til ein lågare kostnad, på ein måte som tilfredsstiller krava i dag og for morgondagen. Vi bidreg til å løyse fellesutfordringa om eit meir klimasmart landbruk som i større grad er basert på norske ressursar. NLR leverer rett rådgivingsprodukt til rett tid. Vi hjelper til med systematisk gjennomgang av alle ledd i produksjonen og gir forslag til forbetringar. Vi har kunnskapen og verktøykassa – og er alltid i nærleiken. Sjå nlr.no/grovfor



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.