Økonomi og næringsutvikling

(Oppdatert: 21.09.2016)

Økonomi

Me kan i lag med deg utarbeida ei lett forståelig resultatanalyse av driftsopplegget.

Resultatet og strategien framover diskuterer me i lag etterpå. Dette gir deg solid grunnlag for å treffa rette beslutninger for drifta (nybygg, kvotekjøp/- salg, produksjonstilpasning, tilleggsnæringer, osv).

Me tilbyr rådgiving ved:

  •  Produksjonstilpasning. Vurdering og diskusjon av dagens driftsopplegg og alternative driftsopplegg.
  •  Kvotekjøp - kvotesalg. Økonomisk vurdering for drifta.
  •  Økologisk drift. Økonomisk vurdering ved omlegging.
  •  Driftsplan med økonomiske kalkyler + søknadspapirer til Innovasjon Norge ved nybygg og oppstart av tilleggsnæringer.
  •  Erstatninger. Økonomiske beregninger og vurderinger knyttet til erstatningsspørsmål.

 

Næringsutvikling

Me kan gi deg råd i alle oppgåver du står overfor som bedriftsleder i landbruket. Me hjelper deg på vegen i ein strategisk planleggingsprosess. Me drøftar gjerne mogligheiter og løysinger med deg. Tilbodet er fleksibelt og tilpasses behovet til kvar enkelt. På første møte sett me opp kva rådgivingsoppgåva skal omfatte og lagar plan for rådgiving.

Me tilbyr rådgiving ved:

  •  Etablering av nye næringar
  •  Utarbeiding av forretningsplanar
  •  Søknadar om utviklings- og etableringsstipend
  •  Endringar i eksisterande driftsopplegg
  •  Etablering av samdrift eller andre samarbeidsløysingar
  •  Søknader om investeringstilskot
  •  Oppstart/overtaking av gardsdrift
  •  Generasjonsskifte

Timepris.

 

Driftsplan

Driftsplanleggjarar hjå NLR Vest SA hjelper deg på vegen i ein strategisk planleggingsprosess og drøfter moglegheiter og løysingar med deg, anten du skal..

  • Starte eller overta gardsdrift
  • Endre eller utvide eksisterande drift
  • Etablere ny næring
  • Etablere samdrift eller andre samarbeidsløysingar

Dette krev ofte store investeringar, og då bør du søkje om tilskot.

Ved oppsetjing av ein driftsplan tek ein utgangspunkt i det som er på bruket no. Er det eit bruk i drift, har bruket rekneskap eller andre opplysningar som fortel korleis bruket vert drive no. Mange lurer då på om dette er godt nok for å greie seg i framtida. Hjå mange må det endringar til,- anten byggningsmessige eller driftsmessige. I ein driftsplan kan ein då rekne på ulike alternativ og sjå korleis desse slår ut,- først og fremst på økonomien, men og på arbeidsmengde og andre ting.

Hjå oss får du:

  • Driftsplan, dersom investeringa gjeld tradisjonelt landbruk
  • Forretningsplan, dersom investeringa gjeld tilleggsnæringar

Me hjelper deg med alle søknader, for eksempel:

  • Søknad om tilskot ved generasjonsskifte
  • Søknad om investeringstilskot
  • Søknad om utviklings- og etableringsstipend

Timepris.

 

NLR Dynamisk Strategi

NLR Dynamisk strategi er eit tilbod om økonomisk rådgiving som skal bidra til betre produksjon og betre økonomi i drifta.

Rekneskapsundersøkingar tyder på at mange bruk har eit forholdsvis stort potensiale for å auke innteninga gjennom reduserte kostnader og auka inntekter. Me forventar at NLR Dynamisk strategi vil gje deg betre lønsemd.

Frå fyrste møte til ferdigstilling av prosessen, reknar me ei tidsramme på 1 år.

Dette vert utført i ein stegvis prosess, der me saman med deg:

  •  Kartlegg dei ulike ressursane som utgjer verksemda di.
  •  Formulerer visjonen for gardsbruket.
  •  Drøftar og formulerer strategiske mål for garden.
  •  Gjennomgår utanforliggande faktorar
  •  Revurderer oversikt over strategiske mål og tiltak
  •  Utarbeidar ein prioritering av dei viktigaste innsatsområda
  •  Utarbeidar handlingsplaner

Ta kontakt med Ester Helland på telefon 98245842 eller ester.helland@nlr.no

 

Kontakt økonomirådgjevarane våre:

  • Ester Helland, tlf. 98245842, e-post ester.helland@nlr.no har kontor i Rosendal, Hordaland
  • Arve Arstein, tlf. 99470161, e-post arve.arstein@nlr.no har kontor i Hellevik i Fjaler, Sogn og Fjordane
  • Leif Trygve Berge, tlf. 98245839, e-post leif.trygve.berge@nlr.no har kontor på Ølve, Hordaland
  • Magnus Skjerdal, tlf. 90967096, e-post Magnus.Skjerdal@nlr.no, har kontor i Ørsta, Møre og Romsdal

SNOP-kurs (Strategisk nærings- og produksjonsutvikling)

SNOP-kurs (Strategisk nærings- og produksjonsutvikling)

Har du ein draum om ein arbeidsplass på garden? Har du ein god idé, men veit ikkje korleis du skal få det til? Då har me kurset for deg!

I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Noreg, hjelper rådgjevarar frå NLR Vest SA deg gjennom utviklingsprosessen.

Anten du skal overta gard, ynskjer å utvida eksisterande drift, starta ny næring innanfor tradisjonelt landbruk eller ei attåtnæring på garden, hjelper me deg å utvikla ein komplett forretningsplan.
Forretningsplanen er eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisera dei. Det er og eit styringsdokument som hjelper deg å halda stø kurs mot målet.
Ein forretningsplan styrkjer dine moglegheiter når du skal:

  • Søkja byggjeløyve
  • Få lån til investeringar
  • Søkja tilskot
  • Oppnå suksess

Dette får du:

  • Komplett forretningsplan
  • Driftsplan
  • Kursbevis
  • God oppfølging under og etter kurset
  • Utvida nettverk

SNOP 2016 er i gong, men me planlegg fleire kurs til neste år.

 

Les meir om SNOP 2016 her!