Økologisk drift

(Oppdatert: 21.09.2016)

Økologisk drift

NLR Vest SA tilbyr økologisk rådgjeving til sine medlemar innanfor frukt, bær, sau, kjøtfe og mjølkeproduksjon. Vi har og tilbod til alle jord- og hagebrukarar om NLR Økologisk Førsteråd, NLR Økologisk Økoplan (tidl Driftsbeskrivelse), NLR Økologisk Rådgivingsavtale og NLR Økologisk Grupperåd.

NLR Økologisk Førsteråd inneber eit besøk på garden og påfølgande rapport med ei vurdering av ei eventuell økologisk drift.

NLR Økologisk Økoplan er eit tilbod om utarbeiding av ein driftsplan for dei som har bestemt seg for å legge om til økologisk drift.

NLR Økologisk Rådgivingsavtale er eit tilbod til dei brukarane som har lagt om, og omfattar 5-10 timar rådgjeving om t.d. omleggingsproblematikk, bygningsplanlegging, småskalaforedling osb. Eigenbetaling kr 150,- pr time.

NLR Økologisk Grupperåd er ei eller fleire samlingar for dyrkarar i eit område.

Meir informasjon om NLR sine rådgjevingstilbod for økologisk produksjon finn du her: http://www.nlr.no/raadgivingstilbud/nlr-okologisk/

Debio  har meir informasjon om økologisk produksjon.

 

 

Kontaktpersoner:

  • Sigmund Larsen, tlf. 95223529, e-post sigmund.larsen@nlr.no har kontor på Måløy, Sogn og Fjordane
  • Leif Trygve Berge, tlf. 98245839, e-post leif.trygve.berge@nlr.no har kontor på Ølve, Hordaland
  • Gunnlaug Røthe, tlf. 98245835, e-post gunnlaug.rothe@nlr.no har kontor på Voss, Hordaland