Tenester

(Oppdatert: 09.11.2016)

Treng du meir og betre grovfôr?

Ynskjer du å betre økonomien i drifta?

Skal du byggje nytt, eller grøfte ?

Har du behov for hjelp til Miljøplan, SMIL– eller RMP-søknad?

Har du tankar om å starte ein ny produksjon, ei tilleggsnæring eller ny næring?

Ynskjer du ei lett tilgjengeleg kjelde til fagstoff og nyhende innan landbruk?

Alt dette og meir til får du som medlem hjå oss!

 

Vi formidlar fagkunnskap til beste for eit landbruk i utvikling. Vi er uavhengige og framtidsretta og byggjer rådgivinga vår på høg fagleg kompetanse og lokal kunnskap. Organisasjonen er bondeeigd og bondestyrt med årsmøtet som øvste organ. NLR Vest SA er del av NLR nasjonalt, som er ei landsdekkande rådgjevarteneste.

 

Våre 35 rådgjevarar har som oppgåve å hjelpa deg, både med faglege spørsmål og med å stetta offentlege krav.

Me har rådgjevarar med spisskompetanse på dyrking av gras, frukt, bær, potet og grønsaker,

i tillegg fleire spesialrådgjevarar innan fagområda byggteknikk, økonomi, helse, miljø og sikkerheit.