NLR Vest registrerer personopplysingar om deg i samband med at du er eller har vore medlem hjå oss, eller om du har nytta deg av tenestene våre. Vi kan registrere: namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. På medlemane våre har vi og registrert organisasjonsnummer og produsentnummer. I tillegg kan vi ha registrert opplysingar om driftseininga di, som ikkje vert rekna som personopplysingar. Dei som har oppgitt fødselsdato på innmeldings- eller påmeldingsskjema, har det lagra hjå oss.
Vi nyttar kontaktinformasjonen til å sende deg nyheitsbrev, medlemsblad, gjennomføre avtalte tenester og til å informere om kurs og arrangement.
Vi nyttar datahandsamarar til å handsame personopplysingane. Dette er leverandørar som driv IT-systema og kunderegistera våre. Vi har datahandsamingsavtalar med desse.
Opplysingane er lagra så lenge du er medlem eller har eit kundeforhold hjå oss. Opplysingane er lagra i Noreg.
Du kan be om meir informasjon om korleis vi handsamar personopplysingane dine. Du kan be om innsyn i kva opplysingar vi har, og du kan be om at desse vert sletta. Ber du om sletting, må vi vurdere om vi kan oppfylle dine rettigheiter som medlem.