- NLR Vest registrerer personopplysingar om deg i samband med at du er eller har vore medlem hjå oss, eller om du har nytta deg av tenestene våre. Vi kan registrere: namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. På medlemane våre har vi og registrert organisasjonsnummer og produsentnummer. I tillegg kan vi ha registrert opplysingar om driftseininga di, som ikkje vert rekna som personopplysingar. Dei som har oppgitt fødselsdato på innmeldings- eller påmeldingsskjema, har det lagra hjå oss.
- Vi nyttar kontaktinformasjonen til å sende deg nyheitsbrev, medlemsblad, gjennomføre avtalte tenester og til å informere om kurs og arrangement.
- Vi nyttar datahandsamarar til å handsame personopplysingane. Dette er leverandørar som driv IT-systema og kunderegistera våre. Vi har datahandsamingsavtalar med desse.
- Opplysingane er lagra så lenge du er medlem eller har eit kundeforhold hjå oss. Opplysingane er lagra i Noreg.
- Du kan be om meir informasjon om korleis vi handsamar personopplysingane dine. Du kan be om innsyn i kva opplysingar vi har, og du kan be om at desse vert sletta. Ber du om sletting, må vi vurdere om vi kan oppfylle dine rettigheiter som medlem.
Ta kontakt på epost vest@nlr.no eller telefon 98245838 dersom du ønskjer å melde deg av epostlista eller få personopplysningane dine sletta frå medlems- og kunderegisteret vårt.
---------------------------------------
Kva type marknadsføring ønskjer du frå NLR Vest?
Du kan no velje kva type epostar du ønskjer å få. I skjemaet nedanfor kan du velje kva type informasjon du ønskjer frå oss. Kategoriane er ein standard for programmet vi nyttar, men for NLR Vest tydar det følgjande:
- Invitasjoner = kurs og arrangement, årlege aktivitetar som vert marknadsført breitt til både medlemar og andre.
- Nyheter = fagmøte og markdagar som har nye tema kvar gong, der nokre er berre for medlemar, mens andre er opne for alle.
- Kampanjer = rådgjevingsmeldingar og medlemsblad, berre for medlemar.
- Viktige meldinger = nødvendig informasjon som berre vert sendt til ei avgrensa gruppe eller enkeltpersonar som har bedt om denne informasjonen.
Dersom du ønskjer endringar seinare, kan du enkelt fylle ut skjema på nytt.
NB: Dersom du IKKJE ØNSKJER e-postar frå oss, må du klikke av for "viktige meldingar". Tomt skjema registrerer ikkje endringar.