Bli medlem

(Oppdatert: 22.05.2017)

Innmeldingsskjema finn du her

 

Vi formidlar fagkunnskap til beste for eit landbruk i utvikling. Vi er uavhengige og framtidsretta og byggjer rådgivinga vår på høg fagleg kompetanse og lokal kunnskap. Organisasjonen er bondeeigd og bondestyrt med årsmøtet som øvste organ. NLR Vest SA er del av NLR nasjonalt, som er ei landsdekkande rådgjevarteneste.

 

Vi har eit breidt rådgjevingstilbod, for at du som bonde skal kunne ha nytte av tenestene våre, uansett kva kunnskapsnivå eller erfaring du har frå før. Som medlem kan du nytte ein del tenester som kun er for medlemer, og får i tillegg rabattar eller reduserte prisar på andre tenester. 

 

Treng du meir og betre grovfôr?

Ynskjer du å betre økonomien i drifta?

Skal du byggje nytt, eller grøfte ?

Har du behov for hjelp til Miljøplan, SMIL– eller RMP-søknad?

Har du tankar om å starte ein ny produksjon, ei

tilleggsnæring eller ny næring?

Ynskjer du ei lett tilgjengeleg kjelde til fagstoff og nyhende innan landbruk?

Alt dette og meir til får du som medlem hjå oss!

 

 Som medlem får du:

  • Inntil 1 time telefonrådgiving
  • 40 % rabatt på timepris på rådgiving
  • Rådgivingsmeldingar pr e-post, ca 15 stk pr. år
  • Tilgang på fagstoff på nettsida vår
  • 30% rabatt på alle kurs- og møteavgifter

 

Medlemspengar:

• Grunnkontingent: 1000 kr
• Arealkontingent grovfôr, korn: 5 kr pr. dekar
• Arealkontingent frukt og bær: 40 kr pr. dekar
• Arealkontingent grønsaker og potet: 35 kr pr. dekar
• Det er ein maksimalkontingent 1800 kr for kvar produksjon.

 

 

 

 

 

 

DA og samdrifter

DA og samdrifter som søkjer produksjonstilskot felles vert behandla som einskildmedlemar i NLR Vest og betaler ein grunnkontingent, samt kontingent for arealet det vert søkt om produksjonstilskot for.

Andre medlemar i samdrifta kan teikne medlemskap ved å betale grunnkontingent. Dette gjev rett til å få medlemspris på tenester, som til dømes HMS.

 

Samdriftsmedlemar som har annan produksjon i tillegg til samdrifta betaler for individuelt medlemskap med grunnkontingent og arealkontingent for å få tenester til medlemspris.

 

Medlemer i samdrifter som ikkje søkjer produksjonstilskot felles, må teikne individuelt medlemskap.

 

HMS-teneste

HMS er ei betalingsteneste, der ein betaler ei fast årleg godtgjersle for eit treårig opplegg:

  • Besøk av HMS-rådgjevar på garden
  • Time hos bedriftshelsetenesta
  • Invitasjon til HMS-fagmøte el tilsvarande

 

Bygningsplanlegging

Bygningsplanlegging er ei dyrare teneste enn anna rådgjeving, og har difor eiga prising.