Hege Aardal Alsaker

Då var det på tide å gje eit lite innblikk i kven «ho nye» på kontoret på Sandane er.

Som nemnt i den vesle introen øvst her, så driv eg altså aktivt med hest. Men eg må leggje trykk på fjordhest. For det er rasearbeid eg har ei brennande interesse for. Perspektivet i det daglege arbeidet med hesten er kanskje ikkje heilt det vanlege hobby-perspektivet. Hesten kan på fleire måtar gjere god nytte for seg, dersom vi kjem i hug å bruke tid på å legge på selen, framfor å slå på tenninga på traktoren. Lengre ned i innlegget kjem eg inn på konkrete tiltak som kan få hestehaldet til å gje ein nytteverdi. Men det er jo kjekt å fortelje litt om bakgrunnen og mitt syn på arbeidet med hest, så vi skal prate litt om det først.

Fjordhesten er, som mange kanskje ikkje veit, definert som ein bevaringsverdig husdyrrase. Begrepet er nok for mange kjent frå før, frå andre dyreslag, men det gjeld altså også for hest. Rasane som går under denne definisjonen er fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest. For å drive eit breitt bevaringsarbeid, har vi på stallen no både unghestar, avlsmerrar og hingstar. Det er først dei siste 5-6 åra vi har byrja eit aktivt avlsarbeid. Det tek som kjent tid å byggje opp ei besetning, og å få byrje med arbeidet med å avle fram fleire, og helst betre individ.

Difor har vi hestar i ulike aldrar, og av begge kjønn. Å ta fram hingst til kåring/vurdering om avlsgodkjenning er ein tidkrevjande prosess. Men forferdeleg spanande! Det er ei grundig vurdering dei skal gjennom der dei blir bedømt ut frå eksteriør eigenskapar, rørsler, køyring, helse og lynne. Det er no eg kjem inn på nytteverdien. For eg vil påstå at beste treninga fram mot ei utstilling er variert trening, med eit godt innslag av skogsarbeid. Når vi tek med hesten ut i skogen, får ein arbeidd med alle desse eigenskapane på ein gong. I tillegg får kusken ei ordentleg treningsøkt også, så eg trur jammen vi dreg inn folkehelseperspektivet også. For å fungere i skogskøyring er det heilt avgjerande at hesten kan samarbeide godt med kusken. Den må stå heilt i ro når lasset skal lessast, den må sjølv vurdere tyngda på lasset og kor mykje krefter som skal setjast i sving, eller sparast. Den må vere enkel å styre, på kryss og tvers gjennom eit hogstfelt. Ikkje minst må den halde hovudet kaldt og halde godt i mot når lasset skubbar på i nedoverbakke. Effektiviteten og tidsbruken er det mange som undrar seg over. Det må vel vere langt meir effektivt med traktor og vinsj. Og ja, i nokre høve er det nok riktig. Men hugs at du aldri treng å nytte kasteblokk når du brukar hest. Og du slepp problem med at lasta på vinsjen kilar seg, eller at traktorhjula grev seg ned i skogbotnen og lagar sår i terrenget. Til tynning av hogstfelt er hesten ein soleklar vinnar. Han snor seg innimellom stammane og får tømmeret ut, utan å påføre skogsbotnen eller andre tre særleg med skader.

Det er også andre arbeidsoppgåver der hesten er godt dugande som arbeidskraft. Fantasien er stort sett den som set begrensing. Til hypping i potetåkeren er hesten særdeles høveleg. Går fint mellom fòrene, og skadar ikkje ei einaste potet. Kan til og med hende den gjødslar litt undervegs. I tyngre åkerarbeid er det stort sett traktoren som er førstevalet, her blir kvantumet for stort og arbeidet for tungt.

Ser ein litt annleis på det, kan hesten vere ein god ressurs i beitepleie. Vi har sjølv erfart at dersom vi slepp hestane inn på beita etter kyr og sau, så forsyner hestane seg av det som står att. Anten det er bringebærkratt, tistel, lyssiv eller sølvbunke. Her er det spesielt dei nøysame rasane som er best eigna, då dei sjeldan har behov for høgt næringsinnhald og kraftig beite. Dermed kan dei sleppast inn på eit beite der den beste maten er teken. I tillegg til å fungere nærast som beitepussarar, så kan du faktisk etter gjeldande tilskotsordningar få tilskot for hest på beite. Med eit forenkla og forkorta utdrag frå jordbruksavtala 2022-2023 (jordbruksavtale-2022-2023-justerte-satser-driftstilskudd-melk-23.01.23.pdf (regjeringen.no)) vil eg gjere merksam på følgjande ordningar:

7.6 Tilskudd for dyr på beite

(Tabell 7.7 Beitetilskudd for beitesesongen 2022. Foreløpige satser.)

Hest: 530 kr./dyr/år.

(Tabell 7.8 Utmarksbeitetilskudd for beitesesongen 2022. Foreløpige satser)

Hest: 1092 kr/dyr/år

«Sports-/hobbyhester som etter skriftlig avtale beiter på innmark som disponeres av et foretak, anses som disponert av foretaket.» Altså kan du heve tilskot, sjølv på hestar du ikkje eig, so lenge det føreligg ei skriftleg avtale om disponering av beiteareal.

7.5 Tilskudd for bevaringsverdige husdyrraser

(tabell 7.6 Foreløpige satser kroner dyr per år)

Hest (Unghest under 3 år av rasane: dølahest, fjordhest, nordlandshest/lyngshest.

1200 kr/dyr/år.

9.1 Tilskudd til avløsning

Hest (alle): 1524 kr/dyr

9.2 tilskudd til avløsning ved sykdom m.m.

Vilkårene for å kunne motta tilskudd til avløsning ved sykdom m.m. står i forskrift om tilskudd til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. Maksimal dagsats for tilskuddet er 2 100 kroner.

Sjå tabell i jordbruksavtale-2022-2023-justerte-satser-driftstilskudd-melk-23.01.23.pdf (regjeringen.no)

Eilin skogskoyring
Bloggbilete tynningshogst orig
Bloggbilete akerarbeid
Bloggbilete kyr i utmark