Marit Henjum Halsnes

Å vekse opp på ein vestlandsgard er eit privilegium med mykje hardt arbeid og mykje læring. Interessa for dei ulike husdyra har alltid vore stor grunna allsidig dyrehald heime på garden.

Grovfôret er den viktigaste delen av fôringa. Innhald av næring og struktur er avgjerande når ein skal fôre ein drøvtyggar. Skal ein ha den beste tilpassinga av kraftfôr må ein vite kva grovfôret inneheld.

I samband med LAM 23-kongressen har vi valt å sette fokus på grovfôret, - du har enno tid til å få analysert lammingsfôret ditt!

NLR og Ofotlab har gått saman i ein grovfôrkampanje og gir tilbod om å få fôranalyser til halv pris. I tillegg tilbyr vi i NLR å setje opp ein Surfôrtolk på bakgrunn av prøvene dine.

Tilbodet gjeld for alle uavhengig av husdyrproduksjon.

Tilbodet gjeld fram til 1. juni 2023 frå Ofotlab:

  • Pakkeanalyse Grovfôr KU/SAU/Geit: Tørrstoff, råprotein, løyseleg protein, NDF (fiber), OMD, totalt sukker, aske, fett, (stivelse), nitrat, klorid, FEm, INDF, NEL, PBV, AAT, og gjæringskvalitet: Pris kr 323 + Mva
  • Tillegg: Kjemisk analyse: P, K, Mg, Ca, Na, Cu, Zn, Fe, S, Mn: Pris kr 180 + Mva + Porto

Tilbod om NLR Surfôrtolken:

NLR Surfôrtolken er eit verktøy som vil hjelpe deg med å forstå grovfôranalysen, og er spesielt utvikla for surfôr. Det gir svar på om kvaliteten; energi, protein, fiberinnhald og innhaldet av mineralar høver til dei dyra du skal fôre, om gjæringa har gått bra, og mineralinnhaldet som reflekterer gjødslinga. NLR Surfôrtolken kostar kr 600 per prøve.

Din lokale NLR-rådgjevar hjelper til med innsending av prøver og har følgeseddel grovfôrkampanje til deg. Du finn din lokale grovfôrrådgjevar i NLR Vest her.