Dag-Arne Eide

I 1984 skulle Nordfjord Forsøksring utvide frå ei til to stillingar. Den nye stillinga skulle blant anna ha fokus på økonomi. Då eg sa i frå om at eg ikkje hadde peiling på økonomi, så fekk eg jobben.

Diagrammet syner prisar pr. kg nitrogen for dei vanlegaste typane gjødsel som blir brukt til grasmark på Vestlandet. Det er denne prisen som syner kor dyr gjødsla er å bruke. Diagrammet syner om lag same innbyrdes prisar som har vore i lang tid, men nivået er som kjent mykje høgre enn det var for nokre år sidan. I 18-3-15 kostar eit kilo nitrogen 50 kroner. Denne gjødsla tilrår vi svært sjeldan. Dei tre typane med 22 % nitrogen er ganske like i pris. Det som er gledeleg er at OPTI-NK 22-0-12, altså utan fosfor, er vel så billeg som dei to andre med fosfor. For nokre år sidan var det ikkje slik. 22-0-12 kan brukast saman med husdyrgjødsel på kaliumfattig jord. Husdyrgjødsla dekker ofte fosforbehovet i slike tilfelle. 22-2-12 og 22-3-10 er særleg aktuelle på beite og på eng der det blir brukt lite eller ikkje husdyrgjødsel. 25-2-6 er, som før, den billegaste Fullgjødsla, men oftast må den brukast saman med husdyrgjødsel for å få tilført jorda nok kalium. NPK 27-2-4 har vore tilgjengeleg i marknaden, spesielt tidlegare i vinter. Den konkurrerer ofte med 25-2-6 både i pris og i bruksområde. Kalksalpeter har blitt billegare i høve til andre typar gjødsel i det siste, dermed meir aktuell som rein nitrogenkjelde enn den har vore tidlegare.

Gjodsel diagram