Våren nærmar seg fort, dermed nærmar også behovet for ugrassprøyting med ein fungerande åkersprøyte seg. NLR Vest testar årleg godt over 100 åkersprøyter hjå medlemane våre. Her sjekkar vi om sprøyta oppfyller gjeldande krav til det aktuelle arbeidet. Vi sjekkar og alle funksjonar på sprøyta, kontrollerer for lekkasjar og fiksar eventuelle småfeil. Med oss på testen har vi med oss ein hengar med ei rekke reservedelar. Så dei vanlegaste feila klarar vi å fikse der og då. Men det er lurt å grovteste sprøyta før testen for å avdekke alvorlege feil. Før testen må sprøyta også vere reingjort og vere heilt tom for sprøytemiddel. Under sjølve testen må sprøyta vere montert på traktor og med rundt 200 liter reint vatn på tanken.

Så ta kontakt med din rådgjevar, eller nytt nettsidene våre, og bestill funksjonstesting i 2023. Du finn også meir Informasjon og påmelding på nettsidene våre:

Plantevern og plantevernjournal | NLR Vest

Bestill funksjonstest her