John Kåre Larsen frå Statens Vegvesen heldt eit glimrande innlegg om gjeldande lover og reglar. Saman med Ola Akselberg frå Vest Politidistrikt, svara dei på spørsmål frå deltakarane.

Me fekk testa og sjå den store skilnaden på gamle/slitne surrestroppar i forhold til nye. Vidar Helland (på vegner av Bondelagets lokal-lag) tok utfordringa på strak arm og stilte med traktor og hengar med rundballar. Eit særs godt eksempel på sikring av last! Statens Vegvesen viste og vektene sine og informerte om korleis ein reknar ut lovleg last.

HMS-rådgjevar i NLR Vest, Øystein Reiertsen Tholo, var på plass som arrangør saman med Gunstein Dyrdal, rådgjevar i maskinteknikk. Det vart mange gode diskusjonar og me trur alle lærte noko av kvarandre. Takk til alle frammøtte, Felleskjøpet for lån av lokale og til TM stroppen for stroppar til demo.

Me skal arrangere fleire slike kveldar i Vestland, så følg med. Neste gang kjem me kanskje ein plass nær deg?

Trygg traktor 5
Trygg traktor 4
Trygg traktor 2
Trygg traktor 3
Trygg traktor