Marit Henjum Halsnes

Å vekse opp på ein vestlandsgard er eit privilegium med mykje hardt arbeid og mykje læring. Interessa for dei ulike husdyra har alltid vore stor grunna allsidig dyrehald heime på garden.

Når snøen forsvinn frå bøen og graset livnar til, er tida inne for synfaring av enga. No kan NLR-rådgjevaren vere med deg frå skifte til skifte og vurdere kva som veks der, kor tett/glissen kulturplantene står og tilstanden i enga generelt. Etterpå får du ein situasjonsrapport og forslag om tiltak til forbetring.

I grovfôrdyringa er det svært mange tiltak og ulike arbeidsoperasjonar som må til frå graset står på rot ute i enga til du kan servere fôr av høg kvalitet på fôrbrettet. Kunnskap om kva som veks i enga di er eit viktig grunnlag for alle dei val av tiltak du må gjere på vegen fram til eit godt grovfôr.

Gras er ikkje berre gras. I frøkatalogane er det eit rikt utval av artar og blandingar, alle med ulike sterke og svake eigenskapar. I tillegg har vi mange grasartar som er naturleg i vegetasjon rundt engareala våre, og i ei eldre eng har mange av desse til dømes rapp- og kvein-artar vandra inn i enga og etablert seg. Ofte kan ein finne både sådde og ville artar i enga.

Graset må vere i god vekst før ein klarar å skilje timotei frå kveke, ikkje mist skilje mellom engsvingel og raigras. Tunrappen er viktig å kjenne til, lågtveksande og gir ikkje avling. Revehale skyt veldig tidleg og gir heller ikkje avling. Store kraftige bladgras som hundegras, bladfaks, strandsvingel og raisvingel har og alle sine kjenneteikn.

Med stegvis vandring frå areal til areal er det nødvendig med eit litt trena auge for å få oversikt kva som veks der, vurdere ugrastilstanden, og ikkje minst kor god dekning kulturplantane har. Med god kunnskap om kva som veks i enga, kan du saman med NLR-rådgjevaren din diskutere og kome fram til tiltak som gjeld enga di.

Ynskjer du synfaring av enga di? Bestill her!

20190617 144949
Glissen eng med raisvingel og teppe av tunrapp. Bør fornyast.
20180531 152718
Attlegg med engfrø. Her ser ein timotei, tunbalderbrå, vassarve, meldestokk og engkarse.