Ester Helland

I november 2011 på Hawaii, klokka to på natta lokal tid, fekk eg plutseleg ein telefon frå dagleg leiar Liv Lyngstad i NLR Hordaland med innkalling til intervju. Slik starta mi historie i Norsk Landbruksrådgiving Vest.

Skal du starte med noko nytt, utvide eksisterande produksjon, eller treng hjelp til å auke lønsemda i det du driv med på garden?

I Norsk Landbruksrådgiving Vest har vi fleire dyktige økonomirådgjevarar som kan hjelpe deg med alle typar økonomiske spørsmål. Nokre av oss spesialiserer seg på tradisjonell drift og lagar driftsplanar på alt innan egg-, kjøt- og mjølkeproduksjon, medan andre spesialiserer seg på tilleggsnæringar og meir "uvanlege" produksjonar. Oversikt over økonomirådgjevarar finn du her

Ut frå kva behov du har, har vi fleire tenester du kan velje i innan økonomi:

  • I NLR Veivalg hjelper vi deg med å konkretisere kva det er du og familien din skal drive med på garden dykkar, og kanskje like viktig; kva de ikkje skal drive med.
  • I NLR Driftsplan får du ei oversikt over økonomiske konsekvenser av vala du gjer, og kan justere innhald og aktivitetar for å finne den mest økonomisk optimale driftsforma for deg og familien din.
  • I NLR Likviditet hjelper vi deg å få kontroll på "pengeflyten". Å vite at du til ei kvar tid har nok pengar på konto til å kunne innfri dei økonomiske pliktene dine, kan gjere nattesøvnen betydeleg betre!
  • Dersom du av ulike årsaker har opplevd tap av inntekt eller avling, kan vi hjelpe deg å få erstatning med NLR Erstatningsberegning.
  • Strategisk nærings- og produksjonsutvikling, forkorta SNOP, er ei blanding av videoføredrag, nettbaserte kurs med lærar og personleg oppfølging, der vi hjelper deg å lage ein komplett forretningsplan..


Lurer på på kva ein forretningsplan skal innehalde, kan du lære meir om det i videoen under.

Det er ingen som kan lage forretningsplanen din for deg

Det er du som ber på draumen! For at forretningsplanen din skal finne vegen til papiret, er det du sjølv som må setje ord på draumen din. Men vi kan hjelpe deg å setje den inn i ordna former slik at du kan formidle den på best mogleg måte, for at andre skal forstå deg rett.

"Kven er desse "andre" som skal lese forretningsplanen min?", lurer du kanskje på... Forretningsplanen er jo mest til eige bruk, eit styringsdokument som hjelper deg å halde stø kurs mot målet. Men det er og eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisere dei. Dersom det inngår investeringar i bygg eller maskiner i planane dine, treng du kanskje tilskot og lån for å kunne realisere dei. Då vil gjerne saksbehandlar i Innovasjon Norge, kommune og bank lese forretningsplanen din. Ein forretningsplan styrkjer moglegheitene dine når du skal:

  • Søkje byggjeløyve
  • Få lån til investeringar
  • Søkje tilskot
  • Oppnå suksess

Kva er SNOP-kurs?

SNOP-kurs er ein rådgjevingsmetode der vi hjelper deg å utvikle ei næring på garden din, og optimalisere økonomien i denne, ved å lage ein komplett forretningsplan. Forretningsplanen er ei samling av dei opplysningane du treng for å vite kva du skal bruke tida, kreftene og pengane dine på, i utviklingfase og drift. Innovasjon Norge, og andre instansar, spør etter desse opplysningane dersom du søkjer tilskot og lån til investering i tilleggsnæring, sjølv om dei kanskje ikkje kallar det forretningsplan lengre.

I åra 2012 til 2019 var SNOP-kurset eit årleg kurs som gjekk over 12 heile kursdagar, delvis finansiert av Statsforvaltaren og Hordaland Fylkeskommune. I 2020 fekk vi ikkje lengre finansiering frå det offentlege. Då valde vi å gjere kurset 100 % digitalt, for at kurset skulle bli billegare for bøndene å delta på. I 2021 vart det ikkje SNOP-kurs, då vi på grunn av Covid-19 måtte prioritere andre arbeidsoppgåver.

No vert det nytt SNOP-kurs!

Innhald i SNOP 2022:

Del 1: Ressursanalyse (video)

Del 2: Visjon og forretningside (video)

Del 3: Forretningsmodell (webinar/Teams)

  • Business Model Canvas
  • Vegen frå nosituasjon til ønskt situasjon

Del 4: Målsetting (video)

Del 5: Handlingsplanar (video)

Del 6: Økonomi og budsjett (Webinar/Teams)

  • Grunnleggjande foretaksøkonomi
  • Praktisk budsjettarbeid

Oppfølging, driftsplan og personleg oppfølging i samband med forretningsplan og søknader er ikkje inkludert i kurset, men vert tilbydd til timepris.

Les om eit tidlegare SNOP-kurs i Bondevennen

Her er det du kan velje i:

Heile kurset

Då får du tilsendt lenker til videoførelesingane, og får vere med på dei fire kursdagane om forretningsmodell og økonomi, som vist under.

Pris: kr 3900 (medlem)/kr 5800 (andre)

Meld deg på heile kurset her

Berre del 3 (forretningsmodell)

To kursdagar på Teams

  • 3. november kl. 17:00-20:00: Vegen frå nosituasjon til ønskt situasjon
  • 10. november kl. 17:00-20:00: Business Model Canvas v/rådgjevar frå Innovasjon Norge

Pris: kr 2000 (medlem)/kr 3000 (andre)

Meld deg på berre forretningsmodelldelen her

Berre del 6 (økonomi)

  • 17. november kl. 17:00-20:00: Grunnleggjande foretaksøkonomi
  • 24. november kl. 17:00-20:00: Praktisk budsjettarbeid

Pris: kr 2000 (medlem)/kr 3000 (andre)

Meld deg på berre økonomidelen her

Skal du investere i bygg eller maskinar? Bli med på eit av fagmøta i Fagmøteserie om tilskotsordningar!

Okonomi gruppe 2
Økonomirådgjevarane i NLR Vest. F.v. Arve Arstein, Ester Helland, Mari Aker, Leif Trygve Berge.