Snart er det tid for slått, og det løner seg å vere klar i tide og tenkje litt systematisk. Det er mykje å halde styr på, og det er fort gjort å miste fokus.


Vi i NLR har prøvd å ta dei viktigaste punkta med i ei sjekkliste du kan bruke som støtte:


Refleksjon/planlegging

  • Fjorårets slått, kva fungerte, kva fungerte ikkje?
  • Analyseresultata frå fjorårets slått, tørrstoffinnhald, fortørking, energi/NDF, slåttetidspunkt
  • Var det trøbbel med maskiner i fjor? Er det noko som kan skje igjen?
  • Var det flaskehalsar i haustelinjen?
  • Nok arbeidshjelp? Spør etter tilbakemeldingar frå f.eks. tilsette, og leit etter eventuelle forbetringsmoglegheiter
  • Legg opp ein strategi for køyrerunde – kva skifte skal slåast først osv. Teig til teig vurdering saman med din lokale NLR-rådgjevar?
  • Entreprenør? Meld deg på slik at du kjem langt fram i køen
  • Ulike frøblandingar på ulike skifte?
  • Innmatingshastigheit på tårn-/plansilo?
  • Breispreiing/ spreiing av streng etter slåmaskina (tørrstoffinnhald) – kor raskt klarar ein å hauste inn etter spreiing?
  • Planlegge haustetidsstrategi, klipping av grasprøver eller teig til teig-vandring før slåtten nærmar seg (avtal ein gjennomgang med lokal rådgjevar?)
  • Planlegg oppfølging etter slåtten

Kvess stålet før slåtten

  • Ta fram maskinene i god tid før slåtten, smør og prøvekøyre
  • Kjende feil? Blei det gjort nokre provisoriske reparasjonar i fjor? Noko som må rettast ytterlegare på?
  • Slitedelar. Sjekk utstyr, og også sikre at du har slitedelar liggande dersom det skulle bli akutt behov under slåtten
  • Merk ut store stein o.l. i enga for å unngå skadar på maskina

Kjøp og bestill

  • Knivar til rundballepressa/andre slitasjedelar?
  • Plast?
  • Ensileringsmiddel?
  • Har du ein god lagringsplass for rundballelageret?
  • Gjødsel til gjenveksten. Ta ein telefon til din lokale NLR-rådgjevar om du er i tvil eller det er endringar i planen


Ynskjer du å diskutere strategien for 2022? Bestill grovfôrrådgjevaren din på besøk her: