Tonje Fjågesund

Eg er ikkje oppvaksen på gard, og eg har ikkje gått på Ås. Men eg har likevel funne vegen inn i landbruket. Og jammen er eg glad for å ha landa her – som fruktrådgjevar på Njøs i Sogn. For vestlending er eg (fødd Siddis) og ekte landbruksentusiast.

Då eg ferierte på Åland – øygruppa mellom Sverige og Finland, forvilla eg meg (ikkje heilt tilfeldig) inn i epledistriktet. Det har seg sånn at kystklimaet på desse øyene eignar seg for fruktdyrking, og heile tre av fire finske eple vert dyrka på Åland, som blant dei innvidde også er kjend som "Finlands äppelträdgård".

Klima er ein føresetnad for fruktdyrking. Milde vintrar, tidleg vår og mange soltimar inni norske fjordarmar og på ålandske øyer. Men klima er òg ei forbanning over fruktdyrkinga.

Det er noko ålreit og solidarisk ved å oppleve at eplebønder i ulike land deler mange av dei same utfordringane. I sommar var det lite regn og den ålandske jorda var tørr. Men vassreservoira var (enno) ikkje tømd. Mykje tid vert brukt på å køyre og frakte vatn, for ikkje alle har direkte eller enkel tilgang til vatn i nærleiken av garden. Steward, Coragen, plantevernmidla i Norden er (var...) langt på veg dei same, men eplebøndene på Åland er mindre plaga av rognebærmøll - jau han finst, men han er ikkje det store problemet. Dei ålandske epledyrkarane har det heilt flatt, ein landskapeleg luksus som dei færraste vestlandsbønder kan nyte. Men til gjengjeld har dei ein annan frykt, som dei delar med italienske vinbønder.

Eg tenker på hagl. Sjølvsagt kan me få øydeleggjande haglskurar på Vestlandet òg, men ålendingane er i meteorologisk disfavør. Ein vêrfront heng over dei tusentals øyene. Varme og kalde luftmassar møtest og skapar lågtrykk. Der kalde, våte luftmassar vert pressa oppover, frys vassdamp og vassdropar til harde kuler som veks seg større og tyngre til dei til slutt dett ned som små knusande bomber over det som skal bli årets epleavling.

Eplebonden eg møter på Tjudö ein varm sommardag i juli står og ser opp på himmelen. Ein kan nemleg sjå det når lågtrykk og tunge skyer byggjer seg opp i horisonten. Det er varmt i lufta, men det ulmar i horisonten. Vindane kan vere sterke og flytte byene så dei er over deg og hagen før du får sukk for deg. Bonden snur seg hen frå byene, bekymringsrynkene kan berre såvidt sporast i ansiktet hans og han gir meg eit skuldertrekk og eit slags unnskyldande smil. For han er nemleg bevæpna.

Han fortel om sitt nye våpen mot dei knusande iskulene. Han er ikkje åleine på øya om å ha skaffa seg ei acetylen-kanon. Saman med oksygen skapar acetylen ein ekspolsiv atmosfære, som generer ei sjokkbølge som visstnok skal kunne knuse hagl. Det skal seiast at det manglar vitenskapelege bevis for effekten, men slike kanonar finst verda over, i håp og tru på at dei skal kunne uskadeleggjere haglbyer.

Bonden er ikkje uvitande, han medgir at det "ikkje akkurat heilt klart om det fungerer, men det gir meg ro i sjela! Og det er eit våpen i kampen. Det verste er å føle seg forsvarslaus."

Aalandsk acetylenkanon
Ålandsk acetylenkanon, gassbehaldarar i grøn kontainar med... "pipe". Kan bli din for ein snau million. Bilete frå HBL ("Hagelkanon skyddar åländsk fruktodling", 21.09.16)

Men kan me verkeleg kjempe mot vêret? Nokre krefter er vel for store for sjølv den "allmektige Homo sapiens" å overvinne? Om ein kanon kan hjelpe på nattesøvnen - er ho verdt det då? (ho kan ha motsatt effekt på naboane sin nattesøvn vel og merke; Orchard wakes the neighbors with hail cannon) ...eller skal me berre lene oss tilbake og akseptere vêret som ei utfordring me ikkje kan motarbeide?

Hugsar du då Kina skulle arrangere OL i 2008 og ville garantere regnfri opningsseremoni? Tusen rakettar skaut sølviodid til himmels for å framprovosere regn i førekant av opninga. Sidan har vêrmanipulasjon som industri berre vakse i Kina og er i dag institusjonalisert med over 37.000 tilsette.

Bønder, av alle, må leve med ein viss klimarisiko. Vêret har alltid vore ein uføreseieleg og ukontrollerbar faktor i matproduksjon gjennom tidene. Og verre kan det kan nok bli. Men mat må me ha, uansett korleis vêret er.

Året 2022 blei ikkje eit år å rope hurra for kva angår dei vestlandske fruktavlingane. Og vêret om våren har fått mykje av skulda. Det var kaldt og vått og stort sett ikkje ideelle høve for verken pollinering eller befrukting og sjølv om det var mykje blom å sjå i mange hagar i mai, er det ikkje dei store mengdene med frukt me ser no i august. Ein kan gjere alt riktig som bonde, men om vêret slår feil er det ikkje mykje ein kan gjere. Ja, kanskje, kanskje har me teknologi til å kunne påverke ein dag eller to med vêr, framprovosere regn eller skyte i stykker hagl, men at vêrmanipulerande teknologi skal kunne redde all verdas avlingar frå klimarisiko er vel ikkje noko å trygge nattesøvnen sin med.

Auka hyppigheit og grad av ekstremvêr er påviseleg knytt til klimaendringar og global oppvarming. Me må på lang sikt gjere noko med rotårsakene til klimaendring. Og i mellomtida må me halde fram med å produsere mat, sjølv i ugunstige vêrtilhøve må me gjere vårt beste - trass i klimaet. I år og neste år, som alle tidlegare år langt attende til våre forfedrar som også fødde seg sjølv og sine etterkommarar, under den same himmelen. I jordbruket vil det alltid vere variasjon i produksjon, og kan hende større og meir uføreseieleg enn i dei fleste andre moderne næringar. Men slik er det no ein gong å drive næringsverksemd under open himmel!

Både eg på utandørsferien min og eplebonden med avlinga si går klar av hagl denne dagen. Det klarnar opp utover kvelden og me kan sove i fred. Men uvêr og hagl vil utvilsomt vise kreftene sine igjen i tida framover. Men her kastar i alle fall eg som rådgjevar inn handkledet, eg skal ikkje slåst mot verken vêr eller vindmøller (Don Quijote-referanse, vindkraftdebatten sparer me til ein annan gong).

La vêr vere vêr - og ta deg litt fri!

Min kollega Øystein Tholo skreiv fint om viktigheita av å ta seg fri. Om å ta seg fri frå bekymringane, og det inkluderer bekymringane for vêret. Enn så lenge her i Noreg så kjem det vêret som kjem.

FERIE?!? | NLR Vest