Førre veke blei det arrangert eit økomjølk-seminar i Finland, Kuopio, og NLR Vest stilte med ein representant. Dette var sjuande nettverksmøte der bransje og rådgjevarar frå dei nordiske landa diskuterte felles utfordringar i økologisk mjølkeproduksjon. Hovudtema for årets samling var økonomi, og det blei lagt fokus på korleis ein kan oppretthalde fôrproduksjonen og samstundes halde produksjonskostnadane låge.

Vi besøkte også to gardsbruk med svært ulik driftsform: 50 kyr og mjølkemaskin på det fyrste bruket, medan den andre bonden dreiv meir intensivt med 200 kyr, mjølkerobot, feeding kitchen, og biogassanlegg. Felles utfordringar for begge er auka driftskostnadar og usikkerheit kring omsetnad av økologiske produkt i ein marknad med tilsvarande høge levekostnadar.

Meir om dette temaet i neste utgåve av Fagbladet Økologisk Landbruk.

20220913 102023