Lise Elvagjeng

Eg strøvla mine fyrste steg, i bratta i Sogndalsdalen, bak ei kurumpe. Ei av mine fyrste arbeidsoppgåver var å jaga kyrne til og frå beite.

Når du har hatt same yrkje vel i 20 år, er det ikkje til å unngå at nokre av arbeidsrutinane kan bli litt rutineprega. Til tider er det godt, kunnskap som er ofte i bruk ligg langt framme i pannebrasken, og tida til førebuing er ikkje så omfattande som ho ein gong var. Men så er det ikkje til å leggja skjul på at det kan blir vel rutineprega og. Difor var det reine vitamininnsprøytinga i min rådgivarkvardag å få delta i prosjektet Beste klimapraksis sau.

Grupperådgjeving

Prosjektet har vore retta mot saueprodusentar, og opplegget har vore i grupper. Målet har vore å få produsentane sjølve til dela erfaringar, både på det dei lukkast med, men og det som har gått mindre bra. No har me hatt fem samlingar i løpet av sesongen, vore innom mange forskjellige faglege emne og hatt mange teams-møte i tillegg. På siste møte i gruppene evaluerte me samlingane og eg hausta mange interessante erfaringar. Hovudkonklusjonen vart at dette har vore veldig kjekt, fagleg krevjande, sosialt triveleg. Endå tydlegare enn tidlegare, ser eg at rådgivaryrkje, det blir ein aldri ferdig utdanna i.

Når ein samlast fleire gonger i løpet av eit år, og vert godt kjende, så fører det til at ein blir meir ærlege med kvarandre. Og det er noko me har hatt stor nytte av no når me skal vidareutvikla eit nytt rådgjevingstilbod til medlemmane våre. For no vert det mogelegheit for alle å vera med på eit liknande opplegg som me har hatt i prosjektet. Me tenkjer å samla grupper på 5-7 bønder som ynskjer å gjera endringar i drifta si, som igjen skal føra til eit betre økonomisk resultat for gardsdrifta.

Vere meir konkret og strukturert

Deltakarane frå prosjektet har vore tydelege på at då må me konsentrera oss om færre tema, og gjera ein grundigare jobb enn me gjorde dette året. Deltakarane set pris på erfaringsutveksling og diskusjon, men det held ikkje med det. Det må trekkjast fleire konklusjonar, det må bli einigheit om kva som er fagleg rett å gjera. Det som kan vera utfordrande i så måte er å vita kva som er rett. Kanskje må det prøvast ut, og det kan ta både ein sesong og to, men målet om å finna ut kva som er rett er klart og tydeleg. Alle gruppemedlemmane fylgjer samstundes utviklinga, så kan alt som skjer på vegen fram til å finna fasiten vera ein god bonus av erfaringar og opparbeiding av kunnskap. Også er det viktig å hugsa på at det finst ikkje to gardar, og ikkje to bønder, som er like. Det vil seie, at det som er rett å gjera på eit gardsbruk, ikkje nødvendigvis er det beste for eit anna gardsbruk. Dette er viktig å hugsa på og respektera.

Rådgjevingsproduktet er framleis i startgropa, men me håpar det blir slik at me samlar 5-7 bruk heime hjå kvarandre, i kvarandre sine fjøsar og kring kvarandre sine kjøkenbord. Me tek sikte på 4 samlingar årleg. Det blir ikkje lagt opp verken til noko undervisning, foredrag eller servering. Her er det bøndene som deltek som bestemmer kva som skal diskuterast, og kva som skal finnast ut av, så er det rådgivaren si oppgåve å halda fokus og framdrift i gruppa. Og skal det skje, så var tilbakemeldingane konkret på meg som rådgivar at samlingane måtte bli hakket meir strukturerte. Eg er takksam for den tilbakemeldinga, og prøver no å endra mine gruppebesøk til ei noko meir strukturert form.

Bli med!

Prisen for å delta på dette opplegget er 3 400 kr per år, og det vert fakturert i ein gong årleg i juni. Høyrest dette interessant ut, og kunne du tenkja deg å delta, så ta kontakt med meg enten på telefon eller e-post. Kanskje kjenner du allereie ein 5-6 personar som du kan tenkja deg å vera ilag med? Då må du i tilfelle forhøyra deg om dei og vil vera med, eller kanskje vil du ut av bygda for å bli kjend med nye folk, då har me kanskje fått til ei gruppe som du kan passa inn i? Har du spørsmål, eller ynskjer du å delta på dette opplegget, så ta gjerne kontakt!

Bli med på grupperåd i «Beste klimapraksis sau»