Jordprøvesesongen er på hell og vi startar opp med gjødslingsplanlegging for 2023. Gjødslingsplanen er ein årleg plan, men hittil har NLR Vest tilbydd deg heilt ny plan kvart 4. år, der du sjølv må oppdatere planen i åra mellom. Du lurer kanskje på om du treng ny plan for neste år? Her kjem litt viktig informasjon omkring dette:

  1. Har du fått teke jordprøver i haust vil du automatisk bli kontakta av ein rådgjevar og tilbydd ny plan. Ta gjerne kontakt om du ynskjer plan tidleg.
  2. Har du plan som sist blei laga for 2019 eller tidlegare, vil du også bli kontakta og tilbydd revidering av planen basert på eldre jordprøver.
  3. Har du ein nyare plan, men med endringar i areal (t.d. meir leigejord) eller endringar i produksjonen på garden, så kan du tinge ny gjødslingsplan her
  4. Ynskjer du årleg oppdatering av planen, så kan du tinge årleg gjødslingsplan her