Etter to år med korona-pause var det endeleg duka for Norske Fruktdagar att. Samlinga føregjekk på Park Hotel, Voss 9-10. mars 2023, og dei vel 170 frammøtte fekk høyre om aktuelle utfordringar i fruktnæringa, moglege løysingar og relevante forskingsprosjekt. Arrangementet er mynta på alle som medverkar til norsk fruktnæring. Representantar frå heile næringskjeda er invitert, men aller viktigaste publikumsgruppe er sjølve ryggrada i norsk fruktproduksjon, nemleg produsentane.

Norske Fruktdagar er ein møteplass for produsentar, rådgjevarar, forskarar, fruktlager, leverandørar av driftsmateriell og andre tenester til fruktnæringa. Det er med andre ord ein arena der ei brei gruppe av kollegaer med ei felles interesse for frukt kan samlast for fagprat og sosialt samvær. Norske Fruktdagar var i 2023 arrangert av NLR Vest, og det vart sett opp eit solid program med fagleg innhald, der dei frammøtte fekk presentert aktuelt nytt innan fruktnæringa. Utover det direkte fruktfaglege byr Fruktdagane på utstillarar på stand, demonstrasjon av utstyr samt underhaldning og god mat.

Staten vil satse på grøntsektoren

Statssekretær Wenche Westberg opna Fruktdagane med lovnad om høg prioritering av landbruket i Støre-regjeringa med landbruksminister frå Senterpartiet, Sandra Borch. Westberg framheva grønt-sektoren, inkludert fruktnæringa, som eit satsingsområde med særskilt stort marknadspotensial. Men ho vedkjente seg òg utfordringar med plantevern som må løysast om me skal klare å nå målet om auka norsk produksjon.

Siste nytt frå Europa om sprøyteteknikk

Det var også europeiske bidrag med i programmet. Dr. Peter Triloff frå Tyskland besøkte Voss for anledninga og Jan van de Zande frå Wageningen University & Research i Nederland var med digitalt. Innlegga deira handla hovudsakleg om sprøyteteknikk. Avdriftsreduksjon entra norsk regelverk i 2020, og det har vorte auka fokus frå både Mattilsynet og fruktnæringa på avdrift ved sprøyting. Teknologien har utvikla seg mykje lenger sør i Europa, der det finst sprøyter til frukthagar med opptil 99 % avdriftsreduksjon. I Noreg opererer Mattilsynet med 50 % som høgste avdriftsklasse på tåkesprøyter. Til samanlikning er ikkje sprøyter med «så lite som 50 %» avdriftsreduksjon tillate å bruke i Nederland… Betre teknologi vert stadig tilgjengeleg. Til overrasking for fleire vart det vist erfaringstal på at i mange sprøytesituasjonar hamnar berre 1/3 av sprøytevæska på bladverket, medan brorparten endar på bakken, og berre ein liten del går tapt som avdrift. Triloff sitt hovudpoeng er at det ikkje er nok å redusera avdrift ut av hagen. Sprøyteteknikken må også i størst mogeleg grad sørgja for at plantevernmidla vert avsette i trea der dei skal virka. Med optimal sprøyteteknikk kan ein truleg klara seg med vesentleg reduserte dosar pr. arealeining, og hans håp er at dette på sikt vil verta teke omsyn til i godkjenningsprosedyrane, slik at det kan verta lettare å få godkjent eller behalda plantevernmiddel europeisk fruktdyrking treng.

Innlegga frå dei utanlandske forskarane var ein inspirasjon og ei påminning om at det finst unytta potensiale i sprøyteteknologi og -teknikk som kan sikre at meir av sprøytemidla hamnar der dei skal, og ikkje andre stader.

IMG 7293 2
Det var mange spennande og lærerike tema under fagprogrammet, her frå føredraget til Jan van de Zande om avdriftsforsking i nederlandsk fruktdyrking.

Rikt fagleg program

I sin heilskap var det faglege programmet rikt på solide og dagsaktuelle bidrag, som kom både frå forskinga, rådgjevinga, fruktlagera og fruktdyrkarane sjølv. Tema som inngjekk var forutan sprøyteteknikk, nye sortar, pollinering, ugras, vekselbering, grunnstammar, nye og kjende skadegjerarar (rognebærmøll, frukttrekreft, lagersjukdomar, plommeviklar, plommeveps, kirsebærfluge) og ein plantevernsituasjon i endring.

Det vart raskt oppdaga at fruktfata i pausen berre inneheldt importfrukt, men Leif Øie i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd hadde med seg Rubinstep frå ULO-lageret til Telefrukt som nokre heldige deltakarar fekk smake på. Dei kunne konstatere at norske eple kan lagrast over vinteren og bevare god kvalitet.

IMG 7310
Ein paneldebatt med tittelen "Korleis finne sortar som stettar alle behov i verdikjeda?" Med i panelet var representantar frå forskjellige ledd i verdikjeda til fruktproduksjonen.

Populært med sidersmaking

Sidersmaking leia av Ingunn Øvsthus og Marianne Hotle frå NIBIO slo godt an blant 112 engasjerte deltakarar. Først fekk deltakarane ein introduksjon av smakshjulet til Siderlandet, for å bli kjent med smakar og aroma ein finn i sider. Deretter vart det blindtesting av fire produkt, der ein smakte mistenkeleg likt prosecco. Deltakarane fekk moglegheit til å legge inn deira eigen oppfatning av det dei smakte, og dette vart til slutt presentert i ei ordsky på storskjerm. Her fann ein smakar som friskt, syrleg, blomster og stikkelsbær, men humoren sat laust og det vart oppfatta smakar som var meir obskure for kvart glas som vart servert. Ikkje fortent, for blant dei representerte sidrane var det høgt premierte hardangersidrar. Dette vart eit godt og lærerikt bidrag med god underhaldningsverdi for alle partar.

IMG 7316
Ingunn Øvsthus og Marianne Hotle frå NIBIO leia deltakarane gjennom sidersmakinga.
IMG 7323
Gjennomgang av smakar og aroma ein kan finne i sider, representert av smakshjulet til Siderlandet.

Takk for i år og vel møtt neste gong

Norske Fruktdagar er arrangert av NLR Vest i samarbeid med NIBIO og Norges Bondelag. Me ynskjer å takke alle frammøtte, føredragshaldarar, samarbeidspartnarar og sponsorar; NIBIO, Norges Bondelag, Nå Fruktlager, Telefrukt, Sogn Frukt og Grønt, Hardanger Fjordfrukt, Ullensvang Fruktlager, Ryfylkefrukt, Fellespakkeriet, Innvik Fruktlager og Vestland Fylkeskommune.

Me ser fram til neste utgåve av Norske Fruktdagar, som etter planen vert arrangert i 2025.

Presentasjonar frå Norske Fruktdagar 2023

Ein del av presentasjonane frå Norske Fruktdagar er no tilgjengelege for nedlasting.

IMG 7301