NLR Vest arrangerte i førre veke markdagar på Sunnmøre, med fokus på presisjonslandbruk og HMS. Sunnmøre valde i dette høve å stille med det flottaste slåtteveret på lang tid. Dette sette naturlig nok sitt preg på oppmøtet, då regnbyene var meldt dagane etterpå. Dei som møtte fekk uansett nyte fineveret med ein god gjennomgang av presisjonslandbruk, med vekt på den spesialutstyrte «dekningskart-bilen». Gunstein Dyrdal underviste her. Vidare heldt Trude Iren Saure eit innlegg om «trygg bruk av traktor og reiskap», med vekt på HMS i slåtten.

Microsoft Teams image 4
Gunstein fortel om presisjonslandbruk, i Hornindal.
20220620 104446
Samtalar med NLR dekningsbilen, i Bondalen.
Microsoft Teams image 7
Gunstein underviser om presisjonslandbruk og gode signal, på Flø.
Microsoft Teams image 6
Matpause på Godøya, med gode faglege samtalar.
1
2
3
4