Lena Abel

Eg er fødd og oppvaksen i Lübeck-området i Nordtyskland.

2/3 av jordbruksarealet i Noreg er eng og beiteareal. Forvaltninga av desse areala har konsekvenser for karbon- og vasskretslaup, biologisk mangfald og kulturlandskapa. Slik landbruket har utvikla seg, er det stadig færre beitedyr, og dagens beiteforvaltning fører til gjengroing og overbeiting somme stader. Målretta beiting kan vere ein effektiv måte å få sving på økosystemprosessane – som i sin tur fører til meir karbonbinding samt velfungerande lokale krinslaup.

Målretta beiting går ut på å etterlikne påverknaden som skjer i naturen når flokkar av beitedyr et, trakkar og gjødslar grasmark.

Målet med prosjektet er å veilede bønder i retning av regenerativ drift på sine gardar, og å teste ut EOV i Noreg i samarbeid med NIBIO og NORSØK. Vi vil undersøkje brukervennlegheita av verktøyet for bonden, og om parameterane er gode mål for regenerering av jordhelse og økosystemfunksjonar i Noreg. Resultata og erfaringane frå prosjektet blir etter kvart gjort tilgjengeleg, og skal kome bønder, rådgjevarar, forsking og forvaltning til gode.

Vi brukar planleggingsverktøyet Holistic Management (Heilskapleg forvaltning) og systemet for overvåking av økosystemprosessar Ecological Outcome Verification (EOV) for å oppnå meir effektiv fotosyntese, større rotsystem, betre vass- og næringskvalitet, og større diversitet av plantar, insekt og jordliv.

Les meir om prosjektet her.