Olav Martin Synnes

Mine første år budde familien på Haramsøya, før vi flytta til Vigra. Far var odelsgut, og overtok småbruket etter sine foreldre. Det hadde vore fire kyr på garden, seinare vart det kjøtproduksjon. Det var arbeidshest på garden. Eg fekk oppleve hesjing!

Kring midten av oktober landa ein stor flokk kvitkinngås på Vigra. I 8-10 dagar beita 200 av desse fargerike fuglane på eit engareal på 100 dekar. Kvitkinngåsa er freda heile året, og kjenner seg trygg. Trass iherdige forsøk var det uråd å jage ho bort frå grøne og frodige engareal.

Kvitkinngåsa er tydeleg mindre enn grågåsa. Svart hals og kvite kinn er gode kjenneteikn. Flokkar i flukt har høglydt «kakling».

Kvitkinngas

Kvitkinngåsa som vi ser på kysten frå Vestlandet til Nordland og Troms, hekkar vanlegvis på Svalbard. Om vinteren held dei til i Skottland og England. Vårtrekket nordover langs kysten føregår frå slutten av april til midten av mai, haustrekket sørover i oktober. Det finst også andre flokkar, som hekkar i landa kring Austersjøen.

IMG 6683 kvitkinngas
Kvitkinngås på trekk treng mykje energi. Dei føretrekk grøn frodig eng. Ei gås kan ete opptil 1 kg gras per dag. Omlag halvparten kjem raskt ut som avføring.

Kvitkinngåsa har dei siste tiåra fått særleg stor merksemd langs kysten av Nordland. Der store flokkar på veg til Svalbard mellomlandar på engareal, kan beitetrykk og avlingstap bli svært stort hos mange. Korleis handterer ein desse utfordringane?

NLR-rådgivar Ragnhild Renna i Vesterålen fortel at mange ulike rådgjerder har vore prøvt, for å avgrense og bøte på tap av avling. Ein har prøvt å skreme kvitkinngåsa til unytta beiteareal ytst på øyar og holmar. Ein har prøvt å spreie fersk luktsterk blautgjødsel på beiteareala. Dette har litt avskrekkande verknad, men forholdsvis kortvarig.

Finst det grasartar som gåsa ikkje likar? Det er gjort systematiske forsøk for å finne ut av dette. Røynsle syner at kvitkinngåsa likar godt å beite på gammal eng med bladrike grasartar. Hundegras derimot synest å vere siste val. Hundegras toler også beitinga bra. Strandrøyr er heller ikkje godt likt. Timotei er godt likt av gåsa, men toler beitinga dårlegast. Engvekstar som toler beiting, såkalla beitefrøblandingar, har fordelar. Rutinemessig innsåing av grasfrø blir tilrådd på utsette areal.

Dei brukarane som opplever særleg store avlingstap, kan søke om tilskots-midlar til kjøp av grovfôr.

IMG 6734 kvitkinngas
Kvitkinngås i flukt høyrest godt. Ho kaklar høglydt.

Fuglefaunaen er i endring frå tiår til tiår. Førebels er det grågåsa som er mest talrik på kysten av Vestlandet. For denne er det opna for jakt og eggsanking i periodar. Likevel har førekomsten auka gradvis sidan 1990. Det blir spanande å sjå om vi i åra som kjem får meir regelmessig vitjing av kvitkinngås vår og haust også nord på Vestlandet. God viltforvalting blir avgjerande for å oppnå rett ballanse mellom omsyn til fugleliv og lønsam fôrdyrking i kystbygder.