Ja, tenk om vi kunne svare godt på det spørsmålet! I NLR Vest er vi starta med gjødslingsplanlegging for 2023, men vi møter sterk uvisse både når det gjeld sortiment og prisar framover. I den seinare tid har gassprisane gått nedover, noko som kan tyde på at prisane ikkje aukar særleg med det første? Vi har spurt Yara om dette, men vi får ingen sikre signal. Det kan vere ein sjanse for at OPTI-NS 27-0-0-4 kan bli tilgjengeleg igjen over nyttår. I skrivande stund får vi signal om at NPK 27-2-4 vil vere tilgjengeleg fram til nyttår. Denne er ein god erstattar for OPTI-NS og evt. 25-2-6. Dei vanlege fullgjødseltypane vil vere i marknaden framover. Det blir ingen mangel på gjødsel, men prisleiet framover er ikkje råd å seie noko om.

Råvaresituasjonen i Europa: Hvordan påvirkes norsk marked? | Yara Norge