Helena Elvatun

Dei 20 sauene, gjetarhunden og eg, trivst godt på det vesle småbruket mitt i Folkedal i Hardanger.

Du har kanskje allereie fått med deg at ein kan søkje RMP-midlar om å få dekke klimarådgjevinga. Skal ein gjere dette må ein søkje midlar før 15. oktober! Her får ein dekka kostnaden med ein klimahandlingsplan på garden. Det kostar frå 2000 til 8000 kr, der ein kan få besøk av to rådgjevarar med kompetanse på ulike produksjonar. Med andre ord: Gratis rådgjeving.

Men kva er klimarådgjeving?

I klimarågjevinga får ein råd(gjeving) basert på gode agronomiske tiltak både inni fjøs og i enga. Desse tiltaka er vanlegvis tiltak som kjem fram (under)gjennom anna rådgjeving også. I tillegg får de gjennomgang av Klimakalkulatoren og forklaring bak tala.

Klimakalkulatoren kan ein logge seg på sjølv, blant anna gjennom denne sida: Klimasmart landbruk - Forside. Det er ikkje særs vanskeleg å logge seg på, men ein må nytte Altinn, fyrste gongen.

Når dette er gjort vil ein automatisk få ei utrekning. Om dette ikkje skjer, kan du berre ta kontakt med oss i NLR Vest, so skal me hjelpe deg i gang.

Tilgang til rekneskap:

Når ein loggar seg på fyrste gongen kan du krysse av for kva data du ynskjer Klimakalkulatoren kan hente inn, slik som kukontrollen, skifteplanen (gjødslingsplanen), rekneskap osv. Fleire tykkjer det siste er litt skummelt, då ein ikkje heilt veit kva data som ein gjev frå seg. Men per dags dato er det berre drivstoff og straum som blir henta inn. Men dette kan du leggje inn manuelt i kalkulatoren, og dermed ikkje nødvendig å dele slike data om ein ikkje ynskjer.

Kvifor Klimakalkulatoren?

Det er ein del bønder som undrar seg på kvifor ein skal ta i bruk denne, og føler dette bidrar til at papirbunken aukar på garden. Det er forståeleg, men det er viktig for landbruket at me kan vise forbrukaren at maten i Noreg er basert på godt grunnlag. Men i Noreg har ein få tal å vise til. Me treng difor dette verktøyet for å vise at den norske maten er produsert på eit godt grunnlag, dermed også klimavennleg. Dette kan Klimakalkulatoren bidra til.

Om du vart litt nysgjerrig på Klimakalkulatoren, ta kontakt med meg på telefon 98691722 for ein uformell samtale .

Eller meld deg på klimarådgjeving her


Vil du høyre meir om klimasmart landbruk? Høyr gjerne vår nye podkastepisode.